Norske kongelege i Sykkylven

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Sykkylven har ved fleire høve i moderne tid hatt vitjing av personar som har tilhøyrt det norske kongehuset. De første vitjinga skjedde sommaren 1946 då dåverande kronprins Olav var på rundreise og mellom anna vitja Sykkylven. Kongehuset hadde vore eit symbolsk samlingspunkt under fem lange krigsår, og vitjinga til kronprins Olav vart en folkefest der den nyvunne fridomen vart feira. Kronprinsen helsa bygdefolket frå trappa til Privatbanken i Aure sentrum. Då følgjet skulle vidare, sette kronprinsen seg sjølv bak rattet i den opne kongebilen og vinka farvel.

Den neste kongelege vitjinga skjedde i 1993. Sommaren dette året var kong Harald V og dronning Sonja på det dei kalla eit "Silver cruise" langs norskekysten for å markere at dei hadde vore gifte i 25 år. 31. august 1993 ankra det norske kongeskipet "Norge" og det danske kongeskipet "Danebrog" opp i Sykkylvsfjorden utanfor Sykkylven småbåthamn. Den ungdommelege delen av turfølgjet hadde blitt frakta med buss frå Loen til Sykkylven. Ved småbåthamna på Aure vart dei to norske kongeborna, Haakon og Märtha, og dei andre ungdomane, tekne i mot av over 2000 festpynta sykkylvingar med ordførar Svein Helgheim i spissen. Frå hamna vart dei rodde ut til dei ventande kongeskipa i ein kopi av Kvalsundskipet, tilhøyrande Sunnmøre Museum.

Om lag på same tida var dronning Sonja på gjennomreise i Sykkylven. Ho kom sjøvegen til Ramstadkaia og hadde ein kort stopp der. Handelsfolket som dreiv landhandelen ved kaia minnest at Sonja fekk eit glas med saft, før ho reiste vidare landevegen. Sonja har vandra mykje i sunnmørsfjella og ho har også i den samanhengen vore i Sykkylven. Mellom anna har ho gått ruta frå Erstad/Riksheimdalen til Trandal.

Sykkylven er verdskjend for møbelindustrien sin og Ekornes er sjølve flaggskipet. Både rikspolitikarar og personar frå kongehuset har vitja Ekornes-fabrikken. I 2001 var kronprins Haakon på studietur hit i samband med at han gjennomførte eit kurs i regi av Utanriksdepartementet. I 2009 var kronprinsesse Mette-Marit på Ekornes-besøk i samband med at ho var på Sunnmøre for å markere at den norske møbelindustrien var hundre år. Mette-Marit, som var Norsk Designråd sin høge beskyttar, hadde sjølv ytra ønskje om å få besøke Ekornes. Det var første gongen ho fekk høve til å studere ei møbelbedrift på nært hald.

30. august 2022 vitja kong Harald og dronning Sonja Sykkylven i samband med den første fylkesreisa dei var på etter utbrotet av Covid-pandemien. Dei kom frå eit besøk i Fjord kommune med kongeskipet og tok seg fram til festplassen på det historiske fornfunnområdet på Aure med Slottet sine eige bilar. Her var det møtt fram eit par tusen publikummarar som mellom anna fekk høyre kong Harald tale. Han innleidde med å seie at han kunne senke skuldrane i ein kommune der dei største kjendisane er Stressless, Siesta og Svane. Frå scena fekk dei kongelege mellom anna sjå dans av elevar frå den kommunale musikkskulen, høyre musikk framført av Sykkylven janitsjarorkester, eit stort prosjektkor og brørne Lars Viljo og Bjarne Fauske og Helene Velle Ødegård. Dei fekk også verbal informasjon om kommunen i samtid og fortid. Ordførar Odd Jostein Drotninghaug overrekte kongeparet eit nøkkelskap frå trevarebedrifta Cylindra i gåve ved avslutninga av folkefesten. Dette var første besøket til kong Harald i Sykkylven.

Kjelder:

  • Eldar Høidal: Med lim og lupe i lokalsamfunnet. Sykkylvsbladet 1946 - 2006. Sykkylven 2006.
  • Eldar Høidal: Fra springfjær til Stressless. Ekornes 75 år. Sykkylven 2009.
  • Red. Roald Solheim: Årbok for Sykkylven 1993.