Notlag og notbruk
Notlag er opp gjenom tidene brukt som felles omgrep/begrep for eigarskap til not og driftsmidlar for å bruke nota.
Eigarskapen kan vere eine-eigarar, men det vanlegaste var nok parts-eigarskap/lut-lag. I lut-lag var det frå gammalt vanleg med "bolkenøter", at kvar part eigde og heldt vedlike ein på førehand bestemt bolk/lut/del av ei not. Bolkane var merka og rettar og plikter i høve til eigarskap var regulert etter den gamle notlova langt bakover i tid. Fram til om lag 1930 var det vanleg med heil- og halve-lutar. Heil lut hadde to mann (personar) oppmøte og halv lut ein mann. Lettare nøter og mekanisering av drifta har gjort drifta meir effektiv og behovet for folk til drift avtakande. Rundt 1900 var det framleis mykje nøter av hampetråd i drift. Ei not på 150 famner trong 15 til 20 mann til drift med robåtar. Mellom 1900 og 1930 hadde bommullsnota, motoren og motordriven "sute"/rull vorte vanleg. Behovet for mannskap til same notlengde var 5 - 8 stykke. Frå 1960 og utover kom nylonnota og lettare brukbart mekanisk utstyr. Ein enda oppe med at ein person kunne bruke notstørrelse som ein trong 20 stykke til 50 - 60 år før.
Den vidare utviklinga frå rundt 1970 var at kombinasjonsdrift mellom jordbruk og fiske fall ut då det vart sett minsteverdi av årleg fangst og plassering på rett plass i fiskarmanntalet for å få delta. Det vart oppretta kvoter og kvotehandel. Ved at fisken ikkje vandrar årvisst til same fjord/destinasjon dett dei små notlaga ut av denn grunn dei ikkje kan dokumentere årleg fangs i høveleg størrelse.
Inntekter og utgifter (innkomor og utloger) vart delt etter partseigarskap. Sjå til dømes Austefjord notlag/Østefjorden Notlag.
Notbruk var med landnot i tidlegare tider. Då måtte not-basen kunne notaseta for at landnota ikkje skulle kome til skade. Frå 1946 kom snurpenot i bruk i mange lag, men overgangen byrja tidlegare i mindre omfang.