Nyborg AS

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Nyborg AS er ei mekanisk bedrift som produserer vifter og ventilasjonsutstyr til skips- og oljeindustrien. Bedrifta har frå starten i 1947 vore lokalisert på Nyborg på garden Aure i Sykkylven. Om lag 50 prosent av produksjonen går i dag til eksport.

Nyborg AS vart skipa av Alfred Nyborg og fekk frå starten namnet Alfred Nyborg Maskinfabrikk AS. Nyborg hadde i 1947 ei god stilling som produksjonssjef ved A.M. Liaaen i Ålesund. Sjølv etter at han hadde starta verksemda heime på Nyborg, heldt han fram hos Liaaen. Første åra var det Arne Nordstrand som tok hand om den daglege drifta av maskinfabrikken. Grunninvesteringa var ein stor dreiebenk som var importert frå England. Den var sett opp utanfor løa på Nyborg. Rundt dreiebenken vart det bygt eit skur, som delvis var laga av kassane som benken var pakka i. Kjellaren i bustadhuset tente elles som produksjonslokale. I 1948 vart det sett opp eit verkstadbygg i tre. Alfred Nyborg møtte ikkje nemnande velvilje i dei lokale bankane då han kom for å be om byggelån. For å kome frå det økonomisk måtte han difor kjøpe ei gammal stove, rive henne ned og bygge henne opp igjen på Nyborg.

Vifter var hovudproduktet til Alfred Nyborg Maskinfabrikk heilt frå starten av. I tillegg vart det laga søyleboremaskiner. Noko seinare utvikla Alfred Nyborg ein ny type boremaskin, ei benkboremaskin. Han utvikla og andre verktymaskiner, som til dømes planslipemaskin og gjengemaskin. Alfred Nyborg var teknisk interessert. Han var ikkje gamle karen då han imponerte familie og kameratar med intrikate teikningar og utrekningar. Etter at han var komen i gang med eigen fabrikk, var det fleire møbelprodusentar som kom til han for å få løysingar på tekniske problem. Då det vart utvikla stålfjørinnlegg til å ha i lause seteputer, konstruerte Nyborg ei maskin som tredde trekket over innlegget. Nyborg laga og hydrauliske laminatpresser for møbelindustrien. Det var serieproduksjon av vifter som gav bedrifta ekspansjon. Bemanninga auka sakte, men sikkert i 1950-åra. I 1950 såg Alfred Nyborg at verksemda var liv laga. Han braut over tvert i Ålesund og ofra seg på heiltid for maskinfabrikken. I 1950 tilsette han ein arbeidar til, i 1955 hadde bedrifta fire tilsette og 1961 seks.

Alfred Nyborg var tidleg i 1950-åra mykje borte på salsreiser. For å kunne ofre seg meir for produktutviklinga gjekk han i 1957 inn i eit samarbeid med ingeniørfirma F.E. Espeseth i Ålesund og Per G. Thømte i Oslo. Frå same året var bedrifta gjort om til aksjeselskap med Espeseth og Thømte som aksjonærar. Alfred Nyborg var hovudaksjonær.

Etter 1987 har heile bedriftsstrukturen blitt endra. Mellom anna har nokre av dei tilsette i administrasjonen blitt aksjonærar. Dessutan er verksemda delt i to, med eit eigedomsselskap og eit driftsselskap. Bedrifta er no marknadsansvarleg sjølv.

I 1964 vart det reist nytt fabrikkbygg på Nyborg. Dette bygget har vore påbygt to gonger sidan, i 1968 og 1976.

I 1960-åra vart det eit omskifte i vifteproduksjonen. Tidlegare hadde verksemda lagt vekt på produksjon av vifter til anlegg på land. Utover i sekstiåra vart det laga mest skipsvifter. Eit samarbeid med Moss Verft gav gode resultat på dette området.

Alfred Nyborg utvikla fleire patenterte vifter, t.d. spesialvifter som var sikre mot eksplosjon. Dei vart utvikla med sikte på bruk i gassfarlege rom, på kjemikalie- og gasstankbåtar. Bedrifta fekk eit godt oppsving fram mot slutten av 1970-åra. I 1977 hadde verksemda 25 mann i arbeid. Frå 1978 gjekk skipsfartsnæringa gjennom ei tung tid. Det førte til at fleire skipsverft i Noreg måtte trappe ned, og det fekk fylgjer for omsetninga til Nyborg.

Dei siste åra har bedrifta vidareutvikla nye produkt og rasjonalisert og forbetra ein del av dei gamle. Dette gjeld i første rekkje vifter og ventilasjonsutstyr for skipsindustrien. Dessutan har bedrifta fått fleire ordrar i samband med oljeverksemda i Nordsjøen.

Alfred Nyborg var dagleg leiar i verksemda fram til 1983. Også i åra etterpå var han engasjert i fabrikkdrifta, heilt til han vart sjuk og døydde i januar 1989. Sidan 1988 har Magne Klokk vore dagleg leiar. Bedrifta har i 2014 30 tilsette.

Kjelde