Odd S. Lovoll

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Odd Lovoll og Arnfinn Kjelland på veg til Volda i februar 1997.

Odd Sverre Lovoll født 6. oktober 1934 i Sande i Møre og Romsdal av foreldra Astrid Elisa Aase frå Kråbakken, Liaskaret i Volda (1907-1994) og Ald M. Løvoll frå Koparnes i Vanylven (1901-1986). Familien ril USA i 1946, men flytte attende og busette seg i Volda i 1953. Lovoll tok lærarutdanning i Oslo, gifta seg i 1958 med Else Olfrid Navekvien frå Bryggja i Vågsøy (1935-1911) og var lektor ved Volda gymnas 1961-1967. Familien reiste så til USA der Lovoll tok mastergrad i amerikansk historie i 1969 og Ph.D-grad i 1973.

I studietida vart han engasjert av det norsk-amerikanske historielaget (NAHA) for å skrive om bygdelaga i Nord-Amerika, og underviste samstundes ved St. Olaf College i Minnesota. Der gjekk han dei akademiske gradene, og vart i 1983 professor i norsk og historie, etter å ha publisert mange bøker og artiklar. I 1992 vart han den første «King Olav V Professor of Scandinavian-American Studies» same stad.

Odd Lovoll har ei imponerande publiseringsliste. Han var redaktør for NAHAs vitskaplege årbokserie Norwegian-American Studies i åra 1980-2000, med mange bidrag også før og etter redaktørperioden. Eit utval bøker[1]:

  • 1977: Bygda i den nye verda : dei norsk-amerikanske bygdelaga
  • 1983: Det løfterike landet
  • 1984: The promise of America : a history of the Norwegian-American people
  • 1997: Det løfterike landet : en norskamerikansk historie
  • 1998: The promise fulfilled : a portrait of Norwegian Americans today
  • 1999: The promise of America : a history of the Norwegian-American people
  • 1999: Innfridde løfter : et norskamerikansk samtidsbilde
  • 2005: Norske småbyer på prærien : en kulturhistorisk studie
  • 2006: Norwegians on the prairie : ethnicity and the development of the country town
  • 2010: Norwegian newspapers in America : connecting Norway and the new land
  • 2012: Norske aviser i Amerika
  • 2018: Two homelands : a historian considers his life and work

Kjelder

  1. Søkt på Oria, Lovoll & Bok.