Odden under Megarden Jongsås

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Odden (Lona) var ein husmannsplass under Megarden Jongsås i Sauherad.

Tidleg på 1700-talet blei ei stugu bygd på odden ut mot Norsjø. Stugo står ennå. Hans Larsson (1665 – ca. 1735), som var frå Gjerpen og den fyrste som budde her, bygde stugo «nær stranden» tidleg på 1700-talet. Han arbeidde som tømmerfut.

Dotter hans Anne Marie (f 1708), var den neste som budde her med mannen sin Markus Olsson (1705-1782). Markus var skreddar, det vil seie at han sauma klede for embetsmenn, offiserar og andre kondisjonerte, truleg både for menn og kvinner. Sønnen deira, Conrad, tok over Odden. Han var korporal i det militære og han dreiv gjestgevari her. Han var døpt Conrad Friderich Grøtter, men nytta og Barnholdt som familienavn. Skiftet etter Conrad stod på Odden i 1810. Buet hadde mykje lausøre og litt sølv.

Odden blei kjøpt til sjøleige i 1901 for 500 dlr. Den som selde var Olav Olsson. Han selde til syster si, Mari Olsdtr.(1874-1941) som var gift med Olav Johannesson frå Lona i Bø. Slik kom navnet Lona inn i bildet, og staden blei heitande det på folkemunne i Sauherad. Men det opprinnelege og rette navnet er Odden.

Eigedommen ligg vakkert til ved utløpet av Sauarelva. Mot Norsjø fell berget bratt ned mot vatnet. Mot Akkerhaugen er ei vik med båtstø. Odden grensar til garden Akkerhaugen ved Gjertsevjo og i syd til Øyagrenda ved Kråkenabben.

Husa her skal altså vera nær 300 år gamle. Da det var båttrafikk her på 17- og 1800-talet og seinare, var Odden gjestgjevarstad. Dette er ein av Telemarks eldste gjestgjevar- og skjenkestader frå den tida da vassvegen mellom Skien og oppover mot Øst-Telemark var einaste aktuelle ferdselsveg. Det kunne ligge inntil 15 pråmar ved landa, og inne låg folk på flatseng om nettene.

Litteratur og kilder