Ola Krumsvik

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Minnestein over Ola Krumsvik og heimestyrkane
Foto: Arnfinn Kjelland

Ola Krumsvik født 12. september 1910 i Volda, død 1984, var fiskar og ein sentral kar i heimestyrkane i Volda og Ørsta under andre verdskrigen. Med båten sin, MB «Fisk», gjekk han eit ukjent antal turar frå Volda og Ørsta og ut til møteplassar ute på øyane der våpentransportar frå England vart levert av Shetlandsgjengen. «Det vesentlege av våpen, ammunisjon og sambandsutstyr som motstandsrørsla i Volda og Ørsta rådde over, vart frakta av Ola Krumsvik» skriv Jostein Nerbøvik (s. 326).

Ola Krumsvik tok altså store sjansar. Det særmerkte var at han lurte både tyskarane og bygdefolket – ingen kunne tenkje seg at han dreiv illegalt arbeid. Han heldt seg på kameratsleg fot med okkupantane og kom dermed lettare forbi vaktbåtar og lensmann. Nerbøvik gjev att fleire slike historier.

Kjelder