Olaug Oldre

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Olaug Oldre (født 12. mars 1974 i Vestre Slidre) er førskolelærar og forfattar.

«Den siste dagen eg gjekk i barnehagen, såg eg at ei av dei tilsette var lei seg når ho skulle ta avskil med meg. Så eg sa til henne at ho ikkje skulle vere lei seg, for når eg blir stor skal eg byrja å jobbe her, så eg kjem att!» seier ho i eit intervju med Valdres den 15. september 2018.

Og slik vart det. Etter å ha jobba tre år i Trøllunghaugen barnehage i Volbu, ein barnehage ho dreiv saman med søster si, tok ho førskuleutdanning, og dei siste åra har ho vore i barnehagen i Slidre.

Ho sier vidare at «han bestefar var ein klok og fornuftig mann, og eg sette stor pris på å vera i lag med han.» Det var han som inspirera ho til å skrive dikt, og i 2000 debuterte ho med boka Bestefar o é som ho skrev saman med bestefar sin, Ole Oldre Hamre.

Olaug Oldre er og ein ivrig fotograf, og knipsar i hovudsak naturbilete, og om ikkje lenge (2020) skal den nye boka hennar: Livets reise gjevast ut, der kvart dikt blir illustrert med eit naturbilete. Alle dikta er skrive på valdresdialekt.


Bibliografi =

  • Bestefar o è. Eige forlag, 2000.


Kjelder


Sjå også