Olav Lid (1913–1973)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Olav Lid (1913–1973)
Foto: Bjørgulv Larsen / Gro Lid Aalvik / Astri Lid Larsen

Olav Sveinungson Lid (fødd 1913, død 1973) kom frå Lie i Vrådal og var lærar. Foreldra var Sveinung Torson Skipar (fødd 1878), som var vegvaktar og budde på Skreosen då han i 1905 gifte seg med Gro Olavsdotter Odden på Eikeland. Før 1909 kom dei til Krossli. Seinare flytte dei til Lie i Vrådal, og slektsnamnet vart "Lid". Mellom fleire born var Olav (1913-) og Einar (1921-). Olav Sveinungson Lid kjøpte i 1933 Fossum søndre (Fyresdal gnr. 92/17) i Hauggrend av Ragnvald Gravir som var skulestyrar på Foldsæ. Olav var fyrst lærar, seinare styrar på Foldsæ landbruksskule. Fossum vart etter kvart overførd til broren Einar og grunnlaget for det som seinare vart Fossumsanden Camping vart lagt.

Elev på landbruksskulen

Olav var elev på Foldsæ frå 1931 til 1933 då han avla agronomeksamen. Frå 1937 til 1939 gjekk han på Statens småbrukslærarskule på Sem i Asker, og under krigen 1940-1945 var han gardstyrar på Grenland ungdomsskule i Eidanger,Telemark. Då freden kom fekk han tilbod om lærarjobb på Foldsæ.

Lærar på landbruksskulen

I åra 1945 til 1953 var han hage- og småbrukslærar. På Foldsæ vart det lagt stor vekt på at undervisninga i hagebruk skulle vere av god kvalitet, og garden egna seg sers godt til å syne hagebruk i høgtliggande område. Likedan var undervisninga prega av synleggjering og utvikling av fagområde egna for mindre bruk, og det var dette Olav var sterkt engasjera i. Mykje vart utbetra i hans tid. Men stadig på jakt etter nye arbeidsoppgåver og større utfordringar vart det til at han i 1953 tok på seg hovudansvaret for landbruksskulen.

Styrar på landbruksskulen

I 1953 vart han styrar på landbruksskulen og var det fram til sin død i 1973. Alt omkring denne skulestaden engasjera han meir eller mindre, og det vart til at det var her han la ned sitt livsverk. I dei 20 åra han var leiar var det ei rivande utvikling, Han stod på for å utvikle skulen fagleg og marknadsføre den på ulik måte, han stod for ei omfattande nydyrking på garden, og ikkje minst ei imponerande bygging av nye hus av ulike slag. Utnytting av utmarka var og viktig for han.[1]

Utviding av bygningsmassen

Opphavleg var det på skulen ein større internat- og undervisningsbygnig teikna av arkitekt Haldor Larsen Børve. Denne fekk namnet Dovrehalli. I den aktuelle utbyggingsperioden vart den eine av bygningane frå fattiggarden si tid rive, den som gjekk under namnet Arken, og av den gamle driftsbygningen vart ein del rive og resten grundig ombygd.

Foldsæ med den samanhengande bygningsrekka. F.h. Dovrehalli, matsalen, festsalen Elghalli, internat/elevbygget Roanhalli og internatbygget Foldsæhalli. I nedre kant av jordet til høgre ser ein verkstaden som vart bygd som tilbygg til sag-/snekkarverkstaden. Driftsbygningen peikar seg ut sjølv. På bakken ovanfor, nærare fotografen, er jenteinternatet Solhaug med stabburet i nordre kant. Heilt til høgre i biletet er lærarbustaden Solstad. Dei andre husa er eldre. Vegen frå driftsbygningen mot fotografen leiar opp til dei tre utleigehyttene. Dei to andre er oppe i lia mot fjellet Roan. Denne vegen leier og til settefiskanlegget mot syd.
Foto: Brosjyre frå Sørnorsk Økosenter Foldsæ AS, ca. 1990.
Lærarbustad: Det vart raskt bruk for fleire lærarbustader. Ovanfor tunet, like syd for den bygningen som vart bygd for Øverland, den eine av dei som starta opp landbruksskulen, vart det bygd ein tomannsbustad i to høgder. Ferdig i 1956, byggeleiar Olav Lid, fekk seinare namnet Solstad.
Driftsbygning: Det var eit presserande ynskje om ny driftsbygning, den gamle var delvis frå fattiggardstida med utviding den fyrste tida til landbruksskulen. Ny bygning vart bygd syd for inntunet, påbyrja 1956 og ferdig 1958. Eit stort lyft som førde til ein heilt moderne driftsbygning. Byggeleiar Olav Lid. Eit større tilbygg i 1970.
Internat: Nytt internatbygg vart det raskt bruk for. Syd for internatet/undervisningsbygget vart det reist eit større bygg med mellom anna kjøkken og peisestove/stove og klasserom i fyrste høgda og 11 doble elevrom i andre høgda. Diverse toalettanlegg i kjellaren. Dette vart ferdig 1961, fekk seinare namnet Roanhalli. Byggeleiar Olav Lid.
Tilbygg til verkstad: Frå før var der ei sag og ein snikkarverkstad. I 1963 vart det mot nord bygd på ein moderne mekanisk verkstad i to høgder. Byggeleiar Olav Lid.
Utleigehytter: Oppe i Roan ved eit då fungerande skitrekk vart det i 1964 bygd ei utleigehytte på 44 m2 med namnet Bergstøylhytta. Byggeleiar Olav Lid. I 1966 vart det bygd ei utleigehytte til her på 66 m2 og med namnet Orrebu. Her var òg Olav Lid byggeleiar.
Matsal og kjøkken: I kjellaren i det gamle internatbygget var det kjøkken og matsal. Dette vart etter kvart for lite og upraktisk. Matsalen vart i 1965 gjort om til moderne kjøkken og det vart bygd romsleg matsal i retning av Roanhalli på 160 kvadratmeter. Byggeleiar Olav Lid.
Utleigehytter: Oppe i bakken søraust for driftsbygningen vart det etter kvart satt opp tre hytter berekna på utleige. Kaldkjellhytta på 60 m2 satt opp i 1966, tømmerkassa er ei ikkje gamal badstove som raskt gjekk ut av bruk. Hytta Glimmerhaugen vart bygd 1968 og er på 40 m2. Ei tredje hytte på 55 m2 med namn Venebu stod ferdig i 1970, den var eit elevarbeid som ledd i eit tømrarkurs. Byggeleiar for alle tri var Olav Lid.
Internatbygg: På haugen ovanfor driftsbygningen vart det i 1967 satt opp eit internatbygg på 210 m2 for kjøkkenjentene. Der var leilegheit, fellesrom og hyblar. Fekk namnet Solhaug. Byggeleiar Olav Lid.
Oppdrettsanlegg og klekkeri for fisk: Ved Bergesåa syd for gardstunet vart det bygd eit klekkeri for stadeigen fisk, eit oppdrettsanlegg og talrike fiskedammar som fekk sitt vatn frå elva. I andre høgda på eit bygg her var husvære for den som hadde tilsyn med anlegget. Dette var ferdig i 1968, fekk namnet Fiskevollen. Inntakshus lenger opp i elva. Byggeleiar var Olav Lid.
Elevinternat: Det vart enno meir bruk for plass til elevar og i 1972 stod det ferdig eit bygg i ei høgde på 450 m2. Dette er plassera syd for internatbygget Roanhalli, har samband med denne og fekk namnet Foldsæhalli. Byggeleiar Olav Lid.
Festsal: Mellom matsalen og Roanhalli var det eit tomrom, der vart det i 1973 bygd ein festsal på 140 m2 som fekk namnet Elghalli. No kunne ein gå tørrskod frå det eldste bygget Dovrehalli og gjennom heile bygningsrekka til Foldsæhalli i enden mot syd. Ein stor plan var fullførd! Byggeleiar Olav Lid.
Stabburet: Dette er eit kapittel for seg sjølv! På den gamle garden til Jon Folsæ var det eit loft, altså eit bygg i to høgder. Då gardstunet vart flytta lenger ned i bakken til den nybygde fattiggarden vart dette loftet flytta, det vart satt opp att som eit bur i ei høgde med dei to tømra roma ved sidan av kvarandre, under same tak og med ein gang framom. Dette stod litt ovanfor den gamle driftsbygningen. Dette bygget var blitt sers dårleg, dei som skulle/kunne meine noko om det sa at det var berre å rive og brenne opp. Men dette var ikkje Olav Lid samd i, han hadde så sterke kjensler for dette gamle tradisjonsrike bygget og arbeidde intenst for at det på ein eller annan måte kunne reddast. Lid fekk så overtala fagstyret til å gjere eit vedtak om at restaurering/rehabilitering kunne gjerast som ei elevoppgåve i eit tømrarkurs, og dette vart gjort under erfaren leiing. Den eine delen med årstal 1720 vart satt opp som eit bur på haugen like ovanfor driftsbygningen, ferdig i 1969. Der tek det seg godt ut, og Olav poengtera ofte at av mange ærerike oppgåver var det å ha fått redda dette tradisjonsrike bygget det han var mest glad for å ha fått gjort. Det var berre ein del som skulle gjerast på denne måten, den andre delen vart satt opp i privat regi i ein anna kommune. Byggeleiar Olav Lid.
Nydyrking: Ei storstila nydyrking, delvis utbetring av eldre areal men meir oppdyrking av nytt areal sette sitt preg på jordbruket fram til 1963. Syd for tunet var det ein husmannsplass frå gamalt av som heitte Rui. Der vart bygningane rive, alt vart sletta med jorda og jorda dyrka opp. Olav Lid var alltid med i praktisk arbeid i den grad det let seg gjere og ikkje minst var han glad i å sprenge med dynamitt. Det small og spruta både her og der vart det fortald. I tunet på Rui stod det ein svær ask som tuntre. Denne var praktfull, det var slikt Olav lika, men den var på alle måtar i vegen for oppdyrkinga, så med ei god ladning av Olav gjekk den og i lufta og la seg over ende. Det er sagt at medan berginga av stabburet var noko Olav var mest glad for var fellinga av den store asken på Rui noko han var mest lei seg for, men jordbruksarealet vart auka til vel 100 dekar.
Skogsbilvegar: I skogen vart det bygd rikeleg med skogsbilvegar under leiing av Olav Lid.


Det er ikkje rart at det er sagt at kvart år når ”Fylket” kom oppover så spurde dei om kva slag hus som hadde kome opp sidan sist! Dei tok det for gitt at det var bygd og at det ikkje alltid vart spurd om løyve! (Utan det hadde nok ikkje skulen vorte bygd ut slik den vart!) I slike tider var det nok ein del lettare å få tilgjeving enn tillating, ikkje minst med Olav sin entusiasme, arbeidsglede, innsatsvilje og pågangsmot. Det skulle noko til å ikkje late seg rive med, sjølv for byråkratar. Sjølv skreiv han i jubileumsheftet:

Det har ofte vore mykje strev for å få pengar til investeringar og stundom kjende ein seg som ein tiggar når ein la fram budsjettframlegg og byggeplanar. ---takke for dei pengane som er løyvd til utbygginga og dei mange som var med å fremja sakene. Om det av og til var slitsamt så har det vore noko av det gildaste arbeidet eg har hatt. Både planlegginga og det høve eg har hatt til å utføre praktiske byggearbeid, medførte så stor arbeidsglede og interesse for å fremje arbeidet at det vel ikkje alltid passa med nåtidas arbeidstempo.

Epilog

Olav stod på til det siste og ein dag fall han bokstavleg tala på sin post i skogen. Olav og Ester Lid er gravlagde på Asker kyrkjegard. Hanevold i Asker var Ester sin farsgard, denne hadde Ester og Olav tatt over medan dei var på Foldsæ, og til denne flytta Ester då ho vart enke.

Kjelder og til utdjuping

  • Marvik, Steinar: Mo bygdebok. Gard og ætt II Skafså sokn. Tokke kommune 1989. s. 433
  • Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Bind III. Fyresdal kommune 1992. s. 1580/81
  • Foldsæ – gnr. 93 bnr.1 i Fyresdal kommune. «Sjå deg attyvi» Fyresdal Sogelag 2005
  • Stamland, Ingar: Historien om Foldsæ Landbruksskule.2010. Tilgjengeleg på internett.
  • Foldsæ 50årsjubileum 1973. For det meste førd i pennen av Olav Lid.

Eksterne lenker

Biletgalleri

  1. Om læreplanar og marknadsføring er det rikeleg å lese i Ingar Stamland si bok og i Fyresdal Sogelag si bok om Foldsæ.