Krossli

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Støtta i Krossli. (Foto: Olav Momrak-Haugan, 2011)

Krossli er eit vegkryss i Tokke kommune som ligg på vegen frå Bandaksli til Fyresdal.

I 2011 går RV 355 nordover frå Fyresdal til Krossli, herifrå går det FV vidare til Bandaksli. Frå nord - vest kjem RV 38 frå Dalen og går vidare mot aust gjennom Vrådal.

Bandakslivegen, vegen frå Bandaksli til Fyresdal, vart i fyrste del av 1900-talet grundig utbetra. Frå denne perioden finnast det fleire vegmerke som fortel vegfarande kor vegen fører vidare. Ei slik støtte stod midt i krysset i Krossli, i 2011 står den i utkanten av krysset. Litt lenger sør vert ein gjort merksam på at ein kryssar grensa til Fyresdal, etter fyrst å ha vore eit lite stykke gjennom Kviteseid kommune.