Olav Sperle
Hopp til navigering
Hopp til søk
Olav Sperle (fødd 1900, død 18. juli 1971) frå Jostedalen i Sogn og Fjordane var ein viktig spelemann og tradisjonsberar. Han kom frå Sperla der han òg kona Kari f. Bruheim vart buande. Sperle var mykje nytta til bryllaups- og dansespeling, og kan komponerte òg litt sjølv. Ein av dei mest kjende komposisjonane er «Sumarkveld ved Styggevasshytta» som han laga til opninga av Styggevasshytta i 1933. Olav Sperle var ei drivkraft i skipinga av Jostedal spelemannslag i 1954 og var særs viktig i arbeidet med å ta vare på tradisjonsmusikken i Jostedalen.
Kjelder
- Liv Fridtun: «Spelemannen Olav Sperle», Kulturhistorisk leksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, 2000.