Ole Edvart Rølvaag

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Ole Edvart Rølvåg»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Ole Edvart Rølvaag (fødd 22. april 1876Dønna i Nordland, død 5. november 1931 i Northfield, Minnesota) var norsk-amerikansk forfattar og professor. Han fekk si utdanning ved Augustana College i Sør-Dakota, St. Olaf College i Northfield, Minnesota og Universitetet i Oslo. Brorparten av livet arbeidde han ved St. Olaf der han underviste i norsk språk og litteratur, og den norske immigrasjonshistoria i USA. Han skreiv òg fleire bøker som skildrar dei norske settlarane sitt liv på prærien i Dakota, og korleis dei innfødte sin kultur kunne kollidera med immigrantane sin. Bøkene skreiv han på norsk, som så vart omsett til engelsk. Ei tid var han sekretær i Norwegian American Historical Association (NAHA). Kong Haakon VII slo Ole Edvart til Ridder av St. Olavs Orden i 1926, og i 1930 vart han nominera til Nobelprisen i litteratur.

I Rølvåg

Ole Edvardt var son til Peder Benjamin Jakobs. Rølvaag (f 1846) og kona Elerine Johanna Pedersd. (f 1844). Familien budde på ein husmannsplass i Rølvåg på Dønna, og folketeljinga 1875 syner at han hadde to eldre syskjen – Johan Kristian (f 1871) og Marta Zahl (f 1873). På den plassen hadde familien budd i fleire generasjonar. Teljinga 1900 syner at han og hadde fire yngre syskjen, Peder (f 1878), Andreas (f 1882), Kaia (f 1885) og pleisystra Jenny Johansen (f 1894). Ole Edvart sto til konfirmasjon 14. juni 1891 og fekk karakteren «nesten meget godt» av presten.

I Amerika

Då han 20 år gamal forlot familien og Dønna vart reisa betalt av nokon i Amerika. Ole Edvart var då ein ugift arbeidar og han reiste med Thingval-lina frå Christiania til Eea Point (truleg Elk Point i Sør-Dakota). Lista «Emigranter over Trondheim 1867-1930» fortel at «Ekspedert dato» var 3. august 1896. Den fyrste tida var han gårdsarbeidar (farmhand) i Sør-Dakota og den tida, saman med erfaringar frå verfar hans, la grunnlaget for å skrive historia til immigrantane.

Den tolvte amerikanske folketeljinga fann stad i 1900, og han budde då i Lincoln County i Sør-Dakota. Han var student ved Augustana College i Canton City, og budde i huset der Anthony G. Tuve (f 1869 i Minnesota) og Ida M Tuve (f 1872 i Iowa) med sonen George L. var hovudbeboarar i huset på hjørnet av Fifth street og Milwaukee street. Anthony var og president for Augustana College, og båe hadde norske foreldre. I huset budde fleire andre norske eller norskætta studentar som til dømes Christ Bjorgum (f 1873) og Sever O Eidam (f 1884). Året etter vart han uteksaminera frå Augustana College (high school) og fortsette skulegongen på St. Olaf College, der han fekk graden BA i 1905. Etter eitt studieår ved Universitetet i Oslo reiste han attende til USA og St. Olaf College der han i 1910 fekk graden MA. Frå 1906 til han døydde i 1931 var han professor i norsk språk og litteratur ved St. Olaf College.

Ole Edvart vart amerikansk statsborgar i 1908, og 9. juli same året gifta han seg med Jennie Berdahl, fødd 1. juni 1879, i Norway Church, Campbell County i Sør-Dakota. Far hennar, Anders «Andrew» J. Berdahl (1848–1940), kom frå Feios i Sogn og Fjordane og mora Karen Oline Otterness (1852–1915) var fødd i Wisconsin av norske foreldre med røter i Aurland, Sogn og Fjordane. Folketeljinga 1900 syner at dei kan ha møttes i tida ved Augustana College, Jennie budde og i huset til Tuve. I 1910 syner folketeljinga at dei og sonen Olaf A., som enno ikkje var året gamal, budde i Minnesota, Northfield Ward 3, Rice County. Ti år seinare bur familien framleis i Northfield, og dei har no tre born, Ella V. (f ca 1911), Carl F. (f ca 1914) og Paul G. (f ca 1916), men Olaf nemnes ikkje. I 1930 bur Ella framleis heime, nett som sonen Fritz (f ca 1924). Truleg budde familien størstedelen av tida i Northfield i 311 Manitou St i Northfield City.

Forfattaren

Ole Edvart skreiv fleire bøker, bland desse trilogien om dei fyrste norske settlarane på prærien i Sør-Dakota. Brev som no er i NAHA sitt arkiv syner at han brevveksla med verfar sin om den tida som bøkene handlar om, og han sa sjølv at «nokre av hendingane – mange av dei, faktisk – er verkelege hendingar, dei kjem frå historiar som eg har høyrt»[1]

Etterslekta

Ole Edvart og Jennie fekk borna

  • Olaf Arnljot (1909–22. september 1915)
  • Ella Valborg (8. desember 1910–12. juni 2003), vigde Torliff Tweet i 1945
    • Ole vigde med Ruth, busett Thief River Falls (2003)
      • fire døtre og ein son (2003)
    • Solveig vigde med Elden Zempel, busett Northfield (2003)
      • to døtre og ein son (2003)
    • Torild vigde med Keith Homstad, busett Northfield (2003)
      • ein son og ei dotter
        • to oldebarn
  • Karl Fritjof Rolvaag (18. juli 1913 – 20. desember 1990) Minnesota sin 31. guvernør vigd med Florence A. Boedeker (1917–1987), seinare med Mariom
    • Paul Fritjof
    • Kristin Valborg
      • tre barnebarn (i 1990)
  • Paul Gunnar (2. mars 1915–18. mai 1920)

Til minne om...

  • Familien sitt hus på 311 Manitou St. i Northfield City vart 4. august 1969 innlemma i U.S. National Register of Historic Places og U.S. National Historic Landmark.
  • Rolvaag Library ved St. Olaf College fekk sitt namn i 1944.
  • I 1988 vart Ole Edvart Rølvaag innlemma i Scandinavian-American Hall of Fame.

Bibliografi

Noter

  1. NAHA online (vol 27:p 55): “some of the incidents - many of them, in fact - have actually happened; they are taken from stories told me.”

Kjelder


Primærkjelder

Norske
Amerikanske

Eksterne lenker