Ole Hareide

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Ole Hareide (fødd 1853 i Ulstein, død 1950 i Oslo) var lærar. Foreldra var bonde Elias Hareide og Marie Olsdotter. Han gifta seg i 1880 ved Lovise Eidissen (død 1887), i 1906 gifta han seg med Hanna Nilsen (1876–1970).

Han hadde eksamen frå Volda seminar (1872) og Tromsø seminar (1876). Han gjekk òg på Den gymnastiske Centralskole (1884).

Dei fyrste åra var han lærar i Sande på Sunnmøre, i åra 1876–80 var han lærar og organist i Leiranger anneks i Steigen. Etter å ha vore lærar og organist i Nevlunghamn (1880–87) kom han til Møllergaten skole i Kristiania i 1887. Der vart han verande til han tok avskil i 1924.

I tillegg var han skrivelærar ved handelsskular, lærarskular og tekniske skular i Kristiania i mange år. Han gav ut fleire skrivebøker: Skriveøvelser (i sju hefte; 1888), Steilskriftbok (1889), Reformskriveboken (1895) og Landsmålsskrivebok (1900), og Skriveundervisningens metodik (1903)

Han fekk Kongens Fortenestmedalje i 1924.

Kjelder og litteratur