Språkskiftet til nynorsk i Austevoll

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Brørne Kristoffer (til venstre) og Hans Aase var aktive i arbeidet med innføringa av nynorsk i skulen og kommuneadministrasjonen i Austevoll.
Foto: Privat

.

Språkskiftet til nynorsk i skulen, kyrkja og den kommunale administrasjonen i Austevoll gjekk offisielt føre seg mellom 1920 og 1980. I 1920 tok sju skulekrinsar i bruk nynorsk som opplæringsspråk, og åtte gjekk over til nynorsk mellom 1929 og 1939. Austevoll fekk tilført tre nye skulekrinsar frå Fitjar kommune etter kommuneendringane frå 1964. Den eine av krinsane tok i bruk nynorsk i 1929, dei to andre i 1936. Innanfor dagens kommunegrense var det 19 skulekrinsar, og i denne framstillinga er dei tre tidlegare Fitjar-krinsane førebels så vidt nemnde her. Kommuneadministrasjonen tok i bruk nynorsk i 1933, medan eit mangeårig ordskifte i kyrkja enda med at den nynorske liturgien kom i bruk i 1980.

I 1886 vart Austevoll skilt frå Sund kommune. Fram til 1951 var kommunen delt i to soknekommunar, Austevoll og Møkster, med Austevoll som hovudsokn. Soknene hadde eigne soknestyre som mellom anna avgjorde innføring av nynorsk som opplæringsmål. Soknestyra hadde felles møte om saker som gjaldt heile kommunen.

Spor etter motstand mot landsmålet

Frå 1892 kunne skulekrinsane sjølv velja om dei ville ta i bruk landsmål som opplæringsmål, men allereie i 1888 finn ein spor etter motstand mot landsmålet i kommunen. Austevoll skulekommisjon uttalte seg i 1888 om framlegget til den nye skulelova som vart vedteken i 1889. I lova var det mellom anna nemnt at skulestyra kunne avgjera kva mål som skulle brukast i undervisninga og i lærebøkene. Skulekommisjonen uttrykte at landsmålet ikkje måtte koma inn i skulen og «forkvakle Undervisningen. Børnene har nok at gjøre med det Maal de kjender.»[1]. Denne paragrafen i skulelova vart ikkje vedteken, men kom inn igjen i 1892 kjend som Målparagrafen. Den tydelege haldninga heldt seg lenge, og i 2013 er det framleis mange bokmålsbrukarar i denne nynorskkomunen.

Eit anna spor etter språkspørsmålet finn ein i Melding frå Det vestlandske Maalkontor i 1907: «Austevoll hev innført Rolfsen og Støylens Tillegg til Rolfsenboki til 3. Band.» [2] Ved at Nordahl Rolfsens Læsebog for Folkeskolen med landsmålstillegget av Bernt Støylen var innført i kommunen, vart elevane kjende med den nye målforma. Det var stor strid om innføringa både av denne og Jensens lesebok som vart innført i 1873. [3] Rolfsens si lesebok frå 1896 hadde eit eige nynorskkapittel på sju sider med fem dikt og seks prosatekstar. I dei 10 andre kapitla i boka var det 10 nynorsktekstar. Boka hadde 134 lesestykke. Dessutan inneheldt leseboka tekstar som fleire i soknestyra meinte ikkje passa for ungar, og saman med landsmålstillegget skapte dette motvilje. Utgåva frå 1896 vart likevel innført i begge soknene i 1898 (?). Sidan dei fleste lærarane i kommunen var utdanna ved Stord lærarskule, der det var eit sterkt målmiljø med eit aktivt mållag, kan ein gå ut frå at landsmålstekstane vart mykje brukte. Til begynnaropplæring i lesing valde kommunen fleire år seinare Den fyrste boki åt barnet av Jonas Vellesen.

Nordahl Rolfsens lesebok med landsmålstillegget var i bruk i Austevoll frå 1898 (?) Foto: Nils Steinar Våge.

Språkskiftet til nynorsk i skulane

(Nemningane nynorsk og bokmål vart offisielle i 1929, og heretter blir desse nemningane brukte.)

Den første krinsen som tok i bruk nynorsk i Austevoll hovudsokn, var Søreide skulekrins på Huftarøy, og språkskiftet vart vedteke av skulestyret 5. juli 1920. Til departementet opplyser skulestyret at krinsane Bratta og Haukanes òg skulle bruka nynorsk som opplæringsmål frå skuleåret 1920-1921. Så gjekk det 15 år før neste krins gjekk over til nynorsk i hovudsokna, og etter omvala var nynorsk som opplæringsmål vedteke i alle krinsane i 1939. Dei tre skulane som tilhøyrde Fitjar, tok i bruk nynorsk i 1929 og 1936. [4]

Storebø krins leverte 14. april 1935 søknad til skulestyret om å innføra nynorsk som opplæringsmål. Ved søknaden låg ei liste med 90 underskrifter for nynorsk. Skulestyret avslo søknaden fordi det ville vita kor mange som var imot saka. Ei ny røysting vart halden der utfallet var 48 for nynorsk og 32 for bokmål.[5]

I Møkster sokn kom skulestyret 10. juni 1920 med ei oppmoding til krinsane om å halda røysting om opplæringsmålet innan 4. juli. På skulestyremøtet 6. desember vart det samrøystes vedteke at fire av krinsane skulle ha nynorsk som hovudmål. Først i 1939 gjekk dei fire andre skulekrinsane i soknekommunen over til nynorsk. [6]

I ein av dei største skulekrinsane i Møkster sokn, Stolmen krins, vart det halde røysting om språkskiftet i juli 1920. Der heiter det at «i Anledning Afstemning i Spørsmaalet Landsmaal eller Rigsmaal til Skolens Brug» gjekk røystinga reglementert føre seg under tilsyn av «kredstilsyn» og «kredstilsynsformand». Til saman vart det gitt 15 røyster, 13 for nynorsk og to for bokmål. [7] Grunnen til det lave talet kom truleg både av at saka hadde lita interesse, og at mange av mennene på øya var på islandsfisket eller anna sesongfiske på dette tidspunktet.

I Storekalsøy krins i Møkster sokn oppdaga krinsformannen og varaformannen i skulestyret feil ved røystinga, og dei leverete inn klage til skulestyret der dei krevde at valet måtte haldast på nytt. Bokmålstilhengjarane kuppa valet på ein eller annan måte. I den første røystinga i 1920 fekk bokmål nemleg 25 røyster og nynorsk 10, og bokmålstilhengjarane var truleg redde for at nynorsk no ville bli opplæringsmål. Kva utfallet var av den påklaga røystinga, er ikkje kjent. I den endelege røystinga fekk bokmål ei røyst og nynorsk 28. [8]

I det samla oversynet over røystingane om språkskiftet i kommunen er skulane som tilhøyrde Fitjar kommune, tekne med. Oversynet byggjer på Hovdan-protokollen.

År Skulekrins
1920 Bratta, Haukanes, Litlekalsøy, Lunnøy, Møkster, Stolmen, Søreide
1929 Vinnes*
1935 Storebø
1936 Drivenes*, Gauksheim*, Trolandshamar
1937 Drøna
1938 Kolbeinsvik
1939 Hevrøy, Horgo, Selbjørn, Storekalsøy, Sandtorv
  • Tilhøyrde Fitjar fram til 1964.

Det skulle to røystingar til i begge soknene før nynorsk vart innført i alle krinsane. I den første var det fleirtal for nynorsk i sju av krinsane, i dei ni andre stort fleirtal for bokmål.

Valet gjekk føre seg ved folkeavrøysting i skulekrinsen. Røysterett hadde alle foreldre som budde i krinsen og som hadde barn i skulen, og elles alle andre i skulekrinsen som var over 25 år.

Stegvis overgang til nynorsk

Målparagrafen i folleskulelovene frå 1892 opna for ein stegvis overgang frå bokmål til nynorsk, og det gjorde tilvenjinga til landsmålet enklare. Skulane kunne derfor ta i bruk ei for ei bok eller innføra nynorskopplæring i eitt for eitt fag, og det skriftlege opplæringsmålet kunne så vedtakast særskilt. At målparagrafen opna for ulike variantar, har vi døme på i Austevoll. Rolfsens lesebok med Støylens nynorsktillegg vart innført omkring århundreskiftet, og det same vart Alvestads songbok som inneheldt 580 songtekstar. [9]

Olaus Alvestads songbok inneheldt 580 songtekstar. Halvparten var på nynorsk. Boka var i bruk i Austevoll like etter 1900.
Foto: Nils Steinar Våge

.

Bruk av Olaus Alvestad si songbok

Ein god pedagogisk måte å tileigna seg kunnskap på er å bruka song i innlæringsprosessen. Kommunen tok i bruk Olaus Alvestad si songbok, Norsk songbok for ungdomsskular og ungdomslag, som kom ut første gong i 1898. Boka var ei av dei mest brukte songbøkene på 1900-talet, og kom i bruk i Austevoll like etter 1900.

Av dei 580 songtekstane var det fleire på bokmål av Bjørnson, Wergeland, Lie, Moe, Grundtvig, Ingemann, Wexels og andre. 49 av dei nynorske songane var skrivne av Elias Blix og resten av dei første brukarane av nynorsken som Sivle, Hovden, Garborg, Vinje, Aasen, Vassbotn, Janson, Eskeland o.fl. Nynorske omsetjingar av 18 norske og nokre danske og svenske folkeviser og nasjonalsongane til dei andre nordiske landa var òg med i boka. Halvparten av songtekstane var på nynorsk.

Gjennom songen vart elevane kjende med nynorsken, og då språkskiftet vart gjennomført, gjekk nok innføringa greitt. Ei anna årsak var at nynorsk låg tett opp til talemålet. Mest å seia hadde nok læraren som kunne kommentera og forklara ord og uttrykk.

Lærarane var pådrivarar

I 1907 skreiv Vestlandske Maalkontor at bortsett frå ein lærar brukte alle lærarane i kommunen dialekt eller nynorsk i undervisninga. Ein av dei var Ole Strømme (1856-1940) som tok lærarprøva på Stord lærarskule i 1877. Han var med i mållaget ved lærarskulen, og Hovdan nemner at Strømme «der gjekk saman med norskihuga gutar som t.d. Oddmund Vik», som seinare var statsråd og nynorskforkjempar på nasjonalt plan. Vidare seier Hovdan om Strømme at «han fekk sin dåp i stridstidi 1880 åri, og hev halde på ideali, målmann og norskhuga.» Strømme var lærar i kommunen i 45 år, frå 1878 til 1923, og klokkar i 58 år. Dessutan var han ordførar I Austevoll frå 1886 til 1901, formann og medlem i Møkster sokn skulestyre i fleire periodar og hadde i tillegg fleire ulike tillitsverv. For dette arbeidet vart han tildelt Kongens fortenestmedalje.

Ole Strømme var lærar og klokkar og den første ordføraren i Austevoll kommune. For dette og anna arbeid vart han tildelt Kongens fortenestmedalje.
Foto: Austevoll Menighetsblad

Brørne Hans Aase (1882-1950) og Kristoffer Aase (1881-1952) frå Bømlo, sunnmøringen Rasmus Ringdal (1876-?), Johannes Søreide (1851-1931) og sonen hans som òg heitte Johannes Søreide (1891-1974) var alle med i skulestyret, og Ringdal og Aase-brørne sat i fleire periodar i kommunestyret. Hans Aase var varaordførar i to periodar. På denne måten var desse nynorsktilhengjarane med og påverka språkdebattane og utfallet av røystingane.

Kristoffer Aase var særs aktiv når det gjaldt innføringa av nynorsk i kommuneadministrasjonen i 1930-åra. Johannes Søreide d.e. arbeidde i Søreide skulekrins som i 1920 var den første krinsen i Austevoll som tok i bruk nynorsk. Han sat i Austevoll sokn skulestyre då det vedtok at Søreide og to andre krinsar i sokna skulle bruka nynorsk som opplæringsmål.

Lærarane var utdanna ved Stord lærarskule som vart rekna som nynorskbastionenen blant lærarskulane i landet. For å fylla opp postane deira var dei tilsette i fleire skulekrinsar, og dei kunne dermed påverka valet av opplæringsspråket fleire stader i kommunen. Desse seks var lærarar i perioden 1877 til 1948. Dei var såleis med då språkdebattane og språkskiftet gjekk føre seg, og hadde dermed høve til å påverka utfallet av dei.

I desse posisjonane skulle ein tru at Strømme og dei andre lærarane hadde gjennomslagskraft når det gjaldt innføringa av nynorsk, men motstanden var sterk. Før skulestyra i begge soknene vedtok folkerøysting om nynorsk som opplæringsmål i 1920, hadde soknestyra under sterk motstand berre innført bruk av Nordahl Rolfsens lesebok med landsmålstillegget og Olaus Alvestad si songbok.

Språkskiftet i kyrkja

4. mars 1892 vart Nokre salmar av Elias Blix autoriserte til kyrkjebruk, og kyrkjelydane kunne gjennom fleirtalsvedtak ta i bruk desse nynorsksalmane. I 1906 kom ein nynorsk liturgi som kyrkjelydane kunne innføra. Begge vekte strid i Austevoll.

Strid om Blix-salmane

I Austevoll er to røystingar om Blix-salmane kjende gjennom Hovdan-protokollen. 2. august 1914 røysta 19 for og 13 mot å ta i bruk Blix-salmane i Storekalsøy kyrkje i Møkster sokn. Biskopane kunne krevja ny røysting dersom det etter deira oppfatning var utilfredsstillande forhold ved røystinga i den første runden. Biskop Johan Willoch Erichsen nekta av ukjend grunn å godkjenna røystinga og krevde ny. Målfolka i Hordaland hadde eit skeivt auge til biskopen som dei mistenkte for å la seg styra av «maalhat». [10] I neste røysting var fleirtalet for bruk av Blix-salmane endå større: 37 for og 17 mot.

I Austevoll kyrkje i Austevoll hovudsokn var det røysting over Blix-salmane 18. april 1926. Resultatet blei 111 for bruk av Blix-salmane, mens 163 gjekk imot. Motstandskjensla i folket hadde ikkje vore så sterk sidan folkeavrøystinga om unionsoppløysinga i 1905. Nynorskavisa Gula Tidend kommenterer det slik 28. april: «Det møtte fram folk som ikkje hadde vore i kyrkja sidan 1905 då dei og møtte og røysta nei.» [11]

Landstads salmebok med tillegget Nokre salmar av Elias Blix.
Foto: Nils Steinar Våge

.

Bjørgvin bispedøme fekk ny biskop i 1916, Peter Hognestad. Han var nynorskbrukar, og arbeidde for innføring av nynorsk i kyrkje og skule. Likevel ser det ikkje ut til at røystinga i Austevoll-kyrkja let seg påverka av biskopen. Det kyrkjelyden stemte over i 1926, var tillegget med 165 Blix-salmar i Landstads salmebok. I tillegg til Blix sine eigne 84 salmar hadde han med over 70 omsette salmetekstar og nynorskversjon av litaniet og preikestolvers.

1. oktober 1926 vart Landstads salmebok med Blix-tillegget innført ved Kongeleg resolusjon.

Nynorsk Salmebok nedstemt

I påskehelga 1942 vart det røysta over bruk av Nynorsk Salmebok. I begge soknene vart bruken av salmeboka nedstemt med til saman 124 mot 49 stemmer [12] , og Landstads salmebok var i bruk til Norsk salmebok vart innført i 1985.

Sterke meiningar om språkskifte i liturgien

Den lengste og seigaste kampen mot språkskiftet gjekk føre seg i kyrkja. I 1963 kom ei oppmoding frå 28 kyrkjelydsmedlemmer i begge soknene om å innføra nynorsk liturgi i kommunen. Etter eit langvarig ordskifte på sokneråda sitt fellesmøte vart det vedteke med 2/3 fleirtal at i halvparten av gudstenestene skulle det brukast nynorsk liturgi, i halvparten bokmål. Forslaget kom frå biskopen i Bjørgvin, Per Juvkam. Slik var ordninga fram til 1980. Då den nye liturgien kom i 1977, oppstod språkdebatten på nytt. I Austevoll sokneråd røysta fire for bokmål og fire for nynorsk, i Møkster tre for kvar. Deretter vart saka lagt fram for kyrkjelydane i soknene for røysting. Utfallet vart 192 for nynorsk, 23 for bokmål. I ei av kyrkjene, Stolmen kyrkje i Møkster sokn, var det fleirtal for bokmål med tre røyster. [13]

Oppmodinga frå dei 28 kyrkjelydsmedlemmene vekte særleg sterk motstand i Stolmen kyrkje. På fleire av preikesundagane etter at klokkaren hadde lese utgongsbøna, og kyrkjeklokka hadde slege ni slag, tok ordskiftet til, og det var temmeleg heitt kvar gong. Mange godtok ikkje nynorsk som eit fullverdig språk til religiøs bruk, og dette hadde grunnlag i den religiøse konservatismen som låg i folkedjupet. Eit språkskifte greip dessutan inn i religiøse vanar og oppfatningar, og mange oppfatta gudsordet i ei ny målform som annleis enn dei var vane med. Vanen var difor og avgjerande for at kyrkjelyden ikkje ville ta i bruk den nynorske liturgien. Fleire uttrykte dessutan at høgtida som låg over gudstenesta, ville bli borte med ei ny språkform. [14].

Ein kjenner her igjen meiningar og haldningar ein annan stad i Hordaland, i Modalen kommune, der mange var redde for at folk ville mista noko av respekten for gudsordet når det vart lagt fram og omtala i former som låg daglegtalen nær: «Bokmaalet var meir heilagt enn folkemaalet som var verdslegt og brukt baade til banning og lygn.» [15]

Kyrkjebladet

Austevoll Kyrkjeblad, som fram til 1980 heitte Austevoll Menighetsblad, kom ut første gong i 1928, og det vart redigert på bokmål fram til Sigurdur Thorsteinsson vart tilsett som sokneprest i 1936. Hans eigne artiklar og kunngjeringar til kyrkjelydane var alle skrivne på nynorsk. Det var ofte slik at prestane heldt seg i bakgrunnen når spørsmålet om å føra inn salmar og liturgi på nynorsk kom opp, særleg der kyrkjelyden i ein kommune var delt, som t.d. i Austevoll. Thorsteinsson var òg opptatt av at lærebøker i kristendomskunnskap skulle innførast i skulen, og var aktiv då nynorskutgåva av Sverdrups forklaring til Luthers katekisme vart innført i alle skulane i 1949. [16]

Administrasjonsspråket i kommunen

13. april 1932 foreslo nynorskbrukaren Kristoffer Aase at kommunestyret skulle venda seg til styresmaktene om å få alle skriv tilsendt på nynorsk, og at tenestemennene i kommunen skulle «nytta landsmaalet so longt dei kan.» Saka kom opp i juli 1933, og med sju mot seks røyster vedtok kommunestyret måljamstelling etter at framlegget om nynorsk og bokmål som tenestemål i kommunen hadde blitt vraka.

Då Hans Aase var varaordførar og førte møteboka i Austevoll kommunstyre frå 1932, skreiv han saksframlegga og vedtaka på nynorsk mens ordføraren refererte på bokmål. [17]. Ole Strømme førte møtereferata på nynorsk i Møkster sokn sin skulestyreprotokoll frå 1914 og fram til han gjekk av som leiar i 1922 [18]. Noko anna enn at Aase og Strømme var nynorskbrukarar og arbeidde for nynorsk i kommuneadministrasjonen, er det uvisst kva som var årsaka.

Kommunestyret vedtok dessutan å ta i bruk nasjonale vedtekter på nynorsk: «Vedtekter om stengjetid» i 1936 og «Politivedtekt» i 1939.[19]

Landhandlar Olai H. Storebø brukte nynorsk i annonsane i Austevoll Menighetsblad i 1932.

Andre språkengasjement

Austevoll Mållag vart skipa i 1924, men laget si levetid er uviss. At det var liv i laget i 1939, ser ein av eit skriv frå formannen i laget til skulestyret i Austevoll soknekommune om framleis å bruka i-formene i opplæringa i skulen.[20] Eit nytt mållag vart skipa i 1960-åra, og då det vart oppattliva i 2010, hadde det sju medlemmer. I 2013 har laget med namnet Austevoll Mållag 45 medlemmer. Ein av grunnane til at det har vore dårleg grobotn for mållag i kommunen, er at bokmålet alltid har stått sterkt.

To av landhandlarane i Austevoll annonserte i kyrkjebladet i 1930-åra, og ein av dei brukte nynorsk.[21] Ved å annonsera i kyrkjebladet, nådde dei truleg fleire enn om dei annonserte i avisene. Kommunen hadde ikkje lokalavis, men mange abonnerte på bokmålsavisa Bergens Tidende og nokre på nynorskavisene Gula Tidend og Sunnhordland. I 1978 fekk kommunen si eiga avis, Marsteinen, og ho er redigert å nynorsk.

Forstandarskapet i Sund og Austevoll sparebank vedtok at frå 1. januar 1933 skulle begge mål vera jamstelte, og at alt prenta tilfang skulle skaffast på begge mål.[22]

Seint ute med språkskiftet

I følgje Ottar Grepstad [23] føregjekk innføringa av nynorsk i skule, kyrkje og kommunal administrasjon i tre fasar i dei kommunane i landet som tok i bruk nynorsk. 3/4 av kommunane innførte Blix-salmane og liturgien i kyrkjelydane frå omkring 1910, nynorsk som opplæringsmål før 1920 og kommunestyra vedtok å innføra nynorsk som tenestemål helst før 1930.

Austevoll tilhøyrde den siste fjerdedelen. Her vart Blix-salmane berre innført i ei av dei tre kyrkjene før kravet kom i 1926. Nynorskliturgien vart innført i 1980, og Landstad reviderte salmebok var i bruk til 1985. Etter to avrøystingar i dei 16 skulekrinsane vart nynorsk som opplæringsmål i skulen innført mellom 1920 og 1939. Frå 1933 begynte kommuneadministrasjonen å ta i bruk nynorsk.

Referansar

  1. Lokalhistorie i Austevoll
  2. Yversyn yver Maaltilstandet i Kyrkja og Skule i Hordaland, Sogn og Fjordane Nyaarsbil. Det vestlandske Maalkontor 1907 s. 13.
  3. Utne 1994
  4. Hovdan-protokollen s. 158.
  5. Forhandlingsprotokoll for skolestyret i Austevoll sokn 1929-1942
  6. Hovdan-protokollen s. 16.
  7. Utne 1994.
  8. Forhandlingsprotokoll for skolestyret i Møkster sokn 1910-1929
  9. Underteikna har gjennomgått ei privat samling av lærebøker som vart brukte i nokre av skulekrinsane frå 1890-åra til 1930-åra. I Rolfsens lesebok og Alvestads songbok har eigarane skrive namnetrekka sine med årstal ved sida av.
  10. Haugland 1984 s. 348
  11. Hovdan-protokollen s. 16.
  12. Austevoll Menighetsblad. Jul 1942.
  13. Eide 1992 s. 60, 1998 s. 44.
  14. Informant frå Stolmen fødd 1940, notert 27. april 2013
  15. Sitert etter Haugland i Syn og Segn 4/1984 s. 342
  16. Austevoll Menighetsblad. Konfirmasjon 1949.
  17. Forhandlingsprotokoll for Austevoll herredsstyre 1930-1942
  18. Forhandlingsprotokoll for Møkster sokn skolestyre 1910-1930
  19. Hovdan-protokollen s. 166
  20. Forhandlingsprotokoll for Austevoll sokn skolestyre 1929-1942.
  21. Austevoll Menighetsblad. Mai 1932
  22. Hovdan-protokollen s. 166.
  23. Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850-2010. Oslo 2010, s. 23


Kjelder og litteratur

  • Austevoll Menighetsblad, fleire utgåver mellom 1928 og 1980.
  • Eide, Arne: Møkster kyrkje gjennom tidene. Festskrift til hundreårsdagen. 1892-1992. Utgjevar Møkster sokneråd 1998.
  • Forhandlingsprotokollar for Austevoll herredsstyre 1886-1952
  • Forhandlingsprotokollar for Austevoll sokn skulestyre 1886-1942
  • Forhandlingsprotokollar for Møkster sokn skulestyre 1886-1940.
  • Haugland, Kjell: «Lærarane i brodden for norsk målreising på 1800-talet. Tar det romet som den akademiske stand fyrr hev havt». I Syn og Segn, 1977.
  • Haugland, Kjell: «Me syngja skal den nye song!» Striden om Blix-salmane. I Syn og Segn nr. 4, 1984.
  • Hoel, Oddmund Løkensgard Hoel: Mål og modernisering 1868-1940. Oslo 2011.
  • Hovdan, Peder: Norsk målreising. Målskiftet i heradi. 1865 – 19 – 40 – 19…Handskriven protokoll i Arkiv for norsk målreising ved Nynorsk kultursenter i Ørsta. Stabekk 1946.
  • R. R. (Rasmus Ringdal): «Klokkar O. Strømme». I Austevoll Menighetsblad. Konfirmasjonshelg 1940. (Nekrolog over lærar, klokkar og ordførar Ole Strømme)
  • Utne, Erling: Stolmen skule – ei skulesoge. Artikkel. 1994.
  • Yversyn yver Maaltilstandet i Kyrkja og Skule i Hordaland, Sogn og Fjordane Nyaarsbil 1907. Bergen: Det vestlandske Maalkontor.


Spraakskifte.png Språkskiftet til nynorsk i Austevoll er del av
prosjektet Språkskifte i norske kommunar 1892-2013
som er komme i stand i samband med Språkåret 2013.
Artiklane i denne serien er tilgjengelege i denne kategorien.