Ordførarar i Eid kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Dette er ei oversikt over ordførarar i Eid kommune i Sogn og Fjordane frå innføringa av formannskapslovene i 1837 til 2019, då kommunen gjekk inn i nye Stad kommune.

Større grenseendringar

Ved skipinga i 1837 var òg Hornindal med i Eid kommune. Hornindal vart utskild som eigen kommune 1.1.1867. Frå 1.1.1965 vart så Hornindal kommune og Davik kommune lagde ned og delte mellom grannekommunane. Eid fekk dei delane av Davik som låg på nordsida av Nordfjorden og dei vestlege delane av Hornindal medan mesteparten av Hornindal gjekk til Stryn. Hornindal vart så utskild frå Stryn att i 1977, men utan dei delane av Hornindal som låg til Eid. I 1992 vart bygdene Lote og Hennebygda i Gloppen kommune overførte til Eid.

Ordførarar i Eid 1837-1867

År Namn Yrke
1838-1841 Johan Herman Lie Sokneprest
1842-1843 Tollef Rød Bonde
1844-1851 Johan Herman Lie Sokneprest
1851-1852 Martinus Bjørlo Lærar
1852-1857 Jens J. Finckenhagen Løytnant
1858-1864 Eirik Løken Bonde og handelsmann
1864-1867 Anders Os Fanejunker

Ordførarar i Eid etter 1867

År Namn Yrke Parti
1868-1869 Hans Sandboe Schølberg Sakførar
1870-1871 Wirik Løken
1871-1879 Sølfest Kvale Utskiftingsformann
1880-1881 Kr. Blom Sakførar
1882-1897 Rasmus Møklebust Fanejunker
1898-1916 John Myklebust Krigskommissær
1917-1934 Anders Hjelle Lærar
1935-1935 John Myklebust Krigskommissær
1935-1942 Olav Os Bonde
1945?-1947 Olav Os Bonde
1948-1963 Berge Smørdal Bonde Bondepartiet
1963-1971 Per Roti Bonde Senterpartiet
1972-1983 Lars Myrold Bonde Senterpartiet
1984-1991 Knut Hildenes Bonde Senterpartiet
1992-1993 Kjell Nøstdal Lektor Venstre
1994-2003 Kristen Hundeide Disponent Høgre
2003-2005 Gunvald Ludvigsen Sjukehusdirektør Venstre
2005-2011 Sonja Edvardsen Sjukepleiar Arbeidarpartiet
2011-2019 Alfred Bjørlo Dagleg leiar Venstre

Kjelder