PC Support

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

PC Support er ei databedrift i Sykkylven, etablert i 1988. Initiativtakar Ståle Welle hadde ein likskap med mange av dei tidlegare etablerarane i sykkylvsindustrien: Han hadde eit sterkt ønske om å få til noko og skape ei verksemd. At det vart data, karakteriserer han som noko av eit tilfelle. Men slutten av 1980-åra var ei gunstig tid for å etablere ei lita bedrift av denne typen. Det var ein nedgangskonjunktur i den norske økonomien då. Mange av dei etablerte verksemdene innan databransjen fekk problem. Det var lettare for ei lita og fleksibel verksemd å tilpasse seg ein fallande marknad enn for dei store bedriftene å tilpasse seg då store delar av kundegrunnlaget fall vekk.

Fleksibel leverandør

Ståle Welle byrja bedrifta i kjellaren i barndomsheimen sin på Erstad. For PC Support var forretningsideen frå først av å tilby EDB-løysingar som kunne oppgraderast etter som kundane auka sin kompetanse og fekk andre behov enn dei hadde i utgangspunktet. Han etablerte kontakt med delleleverandørar i utlandet og sydde saman maskinar som var både billegare, hadde større kapasitet og var meir fleksible enn maskinane frå dei større merkevareleverandørane. Bedrifta gjorde fleksibilitet til eit slagord og vann fram i ein marknad som etter kvart vart vant til hurtige endringar.

- Det er eigentleg ikkje så komplisert å byggje ein maskin, uttala Ståle Welle i eit intervju i 2000. - Du må berre vite litt om det som skal til for at delane skal fungere saman. Det var likevel få som hadde sett seg inn i teknologien og merkevarelevarandørane tok seg svært godt betalt for tjenestene sine – og den tryggheita som dei representerte. Så eg opplevde at det var eit nokså stort rom å boltre seg i.

Store lokale kundar

PC Support hadde ikkje mange lokale konkurrentar dei første åra og dei fekk difor etablere kontakt med dei største bedriftene som Hjellegjerde og Brunstad. Amatec var også ein tidleg kunde. Dei to unge grunderane, Lars Einar Riksheim i Amatec og Ståle Welle, fann fort tonen og dei hadde begge ambisjonar om å få fram løysingar på sine fagfelt som skulle halde i ein nasjonal konkurransesituasjon.- Ståle Welle var flink til å lese dei signala som låg i tida. Han var i forkant av marknaden, sa Lars Einar Riksheim i 2000 og la til: - Vi som driv i andre bransjar har ikkje høve til å halde oss oppdaterte på det siste i datateknologien. Då er det avgjerande å ha kreative støttespelarar som Ståle Welle og staben i PC Support som kan finne nye dataløysingar tilpassa dei ulike fagområda. Hj. Brunstad Fabrikker er blant dei som har hatt ein langvarig kontakt med PC Support. - For Brunstad har det ikkje vore noko alternativ å gå til større leverandørar av PC-ar, uttala Helge Langelo, tidlegare økonomisjef på Brunstad i 2000. - Vi er særs nøgde med at vi har ein datapartnar i lokalmiljøet. Dei har forsynt oss med alt det PC-utstyret vi har hatt behov for, i tillegg har dei teknisk personell og kurstilbod som gjer at vi kan nyttiggjere oss dei ressursane som ligg i datateknologien. Dette i tillegg til at dei altså held til i nærmiljøet. For oss har det vore ein fordel, sa Langelo.

Nye lokale

Ståle Welle knytte etter kvart også til seg samarbeidspartnarar internt i PC Support. Den første tida han dreiv åleine var ikkje forretningsmengda større enn at han greidde å kombinere skulegang på BI med maskinbygging. Etter som ordremengda auka måtte han konsentrere seg fullt og heilt om drifta og i 1989 fekk han sin første medarbeidar, Bengt Langlo, som framleis har ein nøkkelposisjon i bedrifta. Året etter flytte PC Support frå Erstad til andre høgda i Fredriksenhuset i Kyrkjegata. Då vart også Geir Grimsmo tilsett som medarbeidar. Han tok del i maskinvareproduksjonen, i tillegg til at han fekk tittelen salssjef. Opphaldet i Fredriksenhuset varte ikkje lenge. I 1992 var dei på plass i større lokale i nabobygget, der Sunnmørsbanken tidlegare heldt til.

Dei tre lokale datapionerane hadde i tillegg til dei tekniske utfordringane, også utfordringar av meir pedagogisk art. Dataspråket var for sykkylvingar flest nokså ugjennomtrengeleg den første tida. Med produkta følgde varespesifiksjonar som ein helst skulle ha høgskuleutdanning for å forstå fullt ut. RAM, prosessor, brukargrensesnitt, megabyte, cache standard verka ekskluderande og framande for ein del menneske, men vart tekne til vitande av andre som såg dei store brukarfordelane ein datamaskin førte med seg. Mange kunne tenke seg gode norske ord i staden for dei engelske faguttrykka som databransjen nytta, men dei tilsette ved PC Suppport bidrog med sine instruksjonar til nye og potensielle kundar til å breie ut kunnskapen om dette viktige hjelpemiddelet som kom til å bli ein sentral del av kvardagen for mange sykkylvingar.

Etter kvart auka også kunnskapane og ambisjonsnivået til brukarane av datautstyret og dei tilsette i den raskt voksande databedrifta måtte helst liggje eit hestehovud foran dei mest krevjande kundane. Dagane i bedrifta var fylte av arbeid for å handtere den aukande ordremengda. I fritida gjaldt det å halde seg orientert i den omfattande faglitteraturen på data-feltet. Bedrifta hadde ei god utvikling dei første åra, og i 2000 hadde PC Support 30 tilsette som heldt til i romslege lokale i eit industribygg i Ullavika. Dei flytte dit i 1993. Hausten 1998 etablerte PC Support avdelingskontor i Ørsta.

Stabile tilsette

PC Support starta som produsent av datamaskinar, mellom anna fordi dei stod i ein gunstig konkurransesituasjon i høve til dei etablerte merkevareprodusentane. Frå tida rundt tusenårsskiftet profilerte bedrifta seg som ein samarbeidspartnar for kundene i deira daglege virke. PC Support tilbaud komplette pakkar for installering og drift av maskinar som heng saman i nettverk. Dei automatiserte rutinene som vart nytta ved oppstart og drift av nettverk, operasjonar som tidlegare hadde blitt gjort manuelt. På denne måten oppnådde dei stordriftsfordelar som kom kundane til gode. Dei heldt fram med produksjon og vedlikehald av maskinar og sal av programvare.

I åra etter tusenårsskiftet bygde PC Support opp sitt eige breidbandnett. Dette vart i 2005 seld til NextGenTel.

I 1994 fekk PC Support Sykkylven Næringsutvikling sin innsatspris for pionerarbeidet sitt. I 2013, då bedrifta kunne markere 25 års drift, hadde ho 25 tilsette. I gjennomsnitt hadde desse arbeidd ved PC Support i 11 år.

Kjelder

  • Eldar Høidal. - PC Support i 12 år. Med kunnskap som hovudkapital. Årbok for Sykkylven 2000.
  • Sunnmørsposten 19.12.2013.