Peder Larsson Sunde
Hopp til navigering
Hopp til søk
Peder Larsson Sunde (fødd 22. januar 1850, død 1937) frå Stryn i Sogn og Fjordane var lærar og stortingsmann. Foreldra var Lars Rasmusson Sunde og Marta Pedersdotter. Peder Sunde var seminarist frå Stord og lærar og kyrkjesongar i Stryn frå 1871. I Stryn var han i mange år medlem av formannskapet, formann i skulestyret og forlikskommissær.
Sunde var 5. vararepresentant til Stortinget for Nordre Bergenhus amt 1889-91 og 3. vararepresentant 1895-97.
Han var gift med Margrethe Tonning, dotter til stortingsmannen Arne Tonning. Frå 1890-åra dreiv dei Tonning.
Kjelder
- Lindstøl, Tallak. (1914). Stortinget og statsraadet 1814-1914. Bd. 1 del 2. Biografier. Kristiania: Steen'ske bogtrykkeri, s. 849. (Digital utgåve, NBdigital)
- Omtale i Fylkesleksikon, NRK Sogn og Fjordane
- Politikarbiografi, NSD