Pernille Vold

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Pernille Kristensdotter Vold (fødd nær Hamar 1776 (?), død i Stavanger 24. juni 1821) var ein kjend haugiansk lekpredikant.

H.G.Heggtveit skriv at ho «formentlig» var fødd i Furnes (i nåværende Ringsaker kommune) eller i Vang (nåværende Hamar kommune) og at fødselsåret «antagelig» var 1776. Ho gifta seg i 1808 med haugianaren Nils Hansen Opstad, «en gammel Søfarende fra Egersund», som da var over 80 år gammal, og døydde allereie året etter giftemålet. Dei fekk dottera Nille (fødd 18. juli 1809).

Pernille Vold gifta seg på nytt 21. oktober 1809 med teglmeister Ole Gundersen Seglem (1776–1826) frå Eigerøya ved Egersund. Dei slo seg ned i Stavanger, der Ole Seglem gjorde karriere som kjøpmann. Ekteparet var blant dei mest framståande haugevener i byen. Dei fekk fem born. Ei av døtrene, Oline Marie (fødd 1811) vart gift med kjøpmann Torger Svanøe i Bergen. Den yngste dottera, Pernille (1820-1853) gifta seg med Peder Endresen Ramsland (1813-1877). Dei fekk dottera Beate Ramsland (1850-1872), som var gift med Alexander Kielland.

Pernille Vold vart etter seiande vakt da Hans Nielsen Hauge vitja heimbygda hennar i 1799. Ho verka deretter som forkynnar, og reisene hennar gjekk snart over det meste av Sør-Noreg. I 1803 kom ho i kontakt med likesinna danske personar som var på besøk i Noreg. Dei kunne fortelje om ei stor vekkingsbølgje på Jylland. Pernille Vold drog deretter til Danmark for å oppleve dette. Ho reiste saman med ein annan, noko yngre haugiansk lekpredikant, Marthe Gabestad (1781-1841). Dei to kvinnene vart verande i Danmark i fleire år.

Kjelder og litteratur