Rannei Åmundsdotter Norheim (1824–1913)
Rannei Åmundsdotter Norheim (fødd 1824 i Morgedal, død 1. november 1913 i Nord-Dakota) var ei husmannskone frå Morgedal. Ho er kjend som kona til skiløparen Sondre Norheim.
Ho var dotter av leiglending Aamund Olsesson (1771–1862) og Hæge Olavsdotter (1776–1868).
Den 15. januar 1854 vart ho gift med Sondre Ouversson (1825–1897), som var son av husmann Ouver Eivindsson og Ingerid Sondresdotter. Dei busette seg på plassen Kasin, dei dei budde i nokre år. Dei flytta så mellom ulike plassar i Morgedal, inntil dei rydda ein ny plass som fekk namnet Norheim. Paret fekk åtte born; ei dotter døydde femten veker gamal, medan dei andre vaks opp.
Sondre Norheim hadde eit godt ry som skiløpar, og var med i renn og oppvisingar. Men det vart lite pengar av slikt, og livet som husmannsfamilie i Telemark var ikkje enkelt. I mai 1884 vart det helde auksjon på Norheim; dei klarte ikkje å betale festavgifta. Den 30. mai 188 reiste heile familien til Amerika.[1] Dei hadde tre ungar med seg: Åmund, Talleiv og Anne. To eldre born skal ha emigrert tidlegare.
Dei busette seg først i Minnesota, der fleire andre frå Morgedal hadde funne ein ny heimstad. Etter ei tid flytta dei til Villard i Nord-Dakota. I 1888 underteikna Sondre Norheim ein intensjonserklæring om å verte amerikansk borgar, og denne femna heile familien. Han fekk i 1891 eit jordstykke av staten.
I 1897 vart Rannei enke. Ho levde vidare i Nord-Dakota, og døydde der i 1913. Seinare oppstod det ei historie om at ho døydde i 1929, 104 år gamal. Dette har vore ei «sanning» i lang tid, og står mellom anna i artikkelen om Sondre Norheim i Norsk biografisk leksikon.[2] I 2008 fann den norsk-amerikanske slektsforskaren David N. Gunderson dødsattesten hennar, med datoen 1. novemnber 1913. Ho vart der kalla «Mrs. Sanderson». Namnet kjem frå ungane, som kalla seg Sanderson eller Sauderson, ein amerikanisering av patronymet Sondresson. Ho vart altså 88 år gamal, ikke 104.
Referansar
- ↑ Randi Norheim i Emigranter over Kristiania 1867-1927, tilleggsliste fra Digitalarkivet.
- ↑ Sondre Norheim, publ. på nett 2009-02-13, lest 2017-08-18 med teksten: «Gift 15.1.1854 med Rannei Åmundsdotter (15.11.1824–1929)».
Litteratur og kjelder
- Rannei Åmundsdotter i Historisk befolkningsregister
- Loupedalen, Torjus: Kviteseid bygdesoge : Ættesoga. [Kviteseid]. 1956. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Steinsholt, Kjetil: Sondre Norheim i Norsk biografisk leksikon.
- Torgersen, Abjørn og Eirik Haugen: «Fant løsningen på Norheim-mysteriet» i Telemark Arbeiderblad. Publ. 2008-02-06, lest 2017-08-18.