Reingjelding
Reingjelding eller reinkastrering blir utført på hannreinar, gjerne i treårsalderen, som skal trenast opp til kjørerein, og dessutan ofte òg andre hannreinar som skal vera med på å skapa ro i større reinflokkar. Tradisjonelt har reingjelding vorte utført ved at ein bit over testiklane med for- og hjørnetenner til sædstrengene sprikk med eit hørbart knepp, og deretter mosar sund testiklane mellom fingrane. To fordeler med denne metoden er at skinnet ikkje blir punktert, noko som minskar infeksjonsfaren; og at testikkelvevet til ein viss grad er intakt, slik at ein minimal testosteronproduksjon framleis kan finne stad. Reinen viser gjerne teikn til å vera uvel i to–tre dagar etter inngrepet.[1] Frå andre halvdelen av 1900-talet har denne metoden vorte ulovlig, og i dag går gjeldinga normalt for seg med burdizzo-tong, som knusar vevet i sædstrengen.[2]
Fotnotar
- ↑ Rönnow, Carlo: Renskötseln hos Arjeplogs fjällsamer med särskild hänsyn till Arjeplogs lappby : naturgeografiska förutsättningar och utformning. (Meddelanden från Lunds Universitets Geografiska Institution; 219) 1944.
- ↑ Ot.prp. nr. 68 (1999-2000), 3.2.2.: Kastrering
Lenkjer
- Johnsen, Katarina Goldfain: «Kastrerer rein med tennene», Rana Blad, publ. 26.01.2013