Rjukan sølvrevlag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Rjukan sølvrevlag blei meldt til firmareisteret i Tinn 16. desember 1930, registrert 7. januar 1931. Formålet med laget var "pelsdyravl og hvad dermed står i forbindelse, som kjøp og salg av pelsdyr".[1]

Ved opprettinga av laget utgjorde kapitalen 69.500 kr fordelt på 139 andelar. I styret for laget sat bokhaldar Jørgen Tangen som formann, og ingeniør Finn Sørlie som varaformann. Maskinist Olav Torstensen Skinnarland, Olav Olsen og materialforvaltar Olav Ustad sat også i styret, og sistnemnde var forretningsførar og kasserar. Varamenn til styret var gardbrukar Østen Einung, heradssekretær Halvor H. Einung og fabrikkmeister Hilmar Halstvedt.

Under medlemsmøta 11. november og 9. desember 1943 blei det beslutta at laget skulle bli avvikla.[2] Det blei satt ned eit avviklingsstyre som skulle ta seg av det formelle, og laget blei avvikla året etter. 13. november 1944 bad styret om at laget skulle bli sletta frå firmaregisteret.[3]

Arkiv

Arkivet etter Rjukan sølvrevlag er ordna ved Norsk Industriarbeidermuseum. Arkivet kom inn til museet som ein del av arkivet etter Tinn sparebank. Sjå lenke til oppføring på arkivportalen.

Referansar

  1. Handelsregistre for Kongeriket Norge, 1931, s. 29.
  2. Handelsregistre for Kongeriket Norge, 1944, s. 270.
  3. Handelsregistre for Kongeriket Norge, 1945, s. 128.

Kjelder

  • Handelsregistre for Kongeriket Norge : utgitt på foranstaltning av det offentlige i henhold til lov om handelsregistre, firma og prokura av 17. mai 1890 § 4. 1931, Oslo, 1931. Lenke til digital utgåve hjå Nasjonalbiblioteket.
  • Handelsregistre for Kongeriket Norge : utgitt på foranstaltning av det offentlige i henhold til lov om handelsregistre, firma og prokura av 17. mai 1890 § 4. 1944, Oslo, 1944. Lenke til digital utgåve hjå Nasjonalbiblioteket.
  • Handelsregistre for Kongeriket Norge : utgitt på foranstaltning av det offentlige i henhold til lov om handelsregistre, firma og prokura av 17. mai 1890 § 4. 1945, Oslo, 1945. Lenke til digital utgåve hjå Nasjonalbiblioteket.