Rogholtvegen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Rogholtvegen på Nordagutu sett nordover.
Foto: Roy Olsen (2017).

RogholtvegenNordagutu i Midt-Telemark kommune går sørover frå Svevalivegen ved jernbaneundergangen. Vegen går gjennom eit bustadområde og passerer garden Kleiv (gnr. 116/4) før han fortsett gjennom skog og aude dalføre fram til garden Rogholt (gnr. 114/2) og Rogholttjønna. Vegen har ei kort grein til Vidsjåvegen og ei grein til garden Løvald nedre (gnr. 112/5). Han er om lag 2,8 kilometer lang fram til garden Rogholt.

Vegen har namn etter garden Rogholt og blei namnsett i 2009. Tidlegare het vegen Landtjønnstulvegen, eit namn han fekk i 1999.

Ved Rogholttjønna finn me Rogholt-tjønn naturreservat. Myra og tjønna blei freda i 1982.

Kjelder


Koordinater: 59.41644° N 9.32380° Ø