Romfo kyrkje
Romfo kyrkje ligg i grenda Romfo i Sunndal kommune på Nordmøre. Det er ei åttekanta kyrkje, bygd i 1821.
| Romfo kyrkje | |
|---|---|
| Romfo kyrkje. Foto: Olve Utne
| |
| Stad: | Romfo |
| Byggeår: | 1821 |
| Kyrkjesamfunn: | Den norske kyrkja |
| Bispedøme: | Møre |
| Fellesråd: | Sunndal |
| Sokn: | Romfo sokn |
| Materiale: | Tømmer |
Mykje av inventaret stammar frå lenger tid tilbake, mellom anna ei altertavle med innbygd preikestol frå 1713. Elles er det to utskorne trefigurar frå før-reformatisk tid i kyrkja: Ein som forestiller Olav den heilage og eit krusifiks med apostelen Johannes og Jesu mor.