Runde

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Runde fyrstasjon på Kvalneset lengst nord på Runde.
Foto: Arnfinn Kjelland (2012).
Øya har eit nake landskap, men det er godt gras for sauehald.

Runde er ei øy i Herøy kommuneSunnmøre i Møre og Romsdal fylke. Ho er den nordvestlegaste av Sørøyane. Det bur om lag 160 menneske på øya, ein stor del av dei i eller nær bygda Runde på sørsida av øya. Øya er 6,2 km² stor, med høgaste punkt, Varden, på 332 moh. Det er brusamband til Remøya og derifrå vidare til andre øyar i Herøy og til Gurskøy og Hareidlandet.

Namnet kjem frå norrønt (h)rund, truleg med samanhang til (h)rinda, «skyte fram».

På austsida av øya ligg det fiskevær. Det er tre fuglefredingsområder på øya, og Rundebranden på vestsida er det sørlegaste av dei store fuglefjella i landet. Meir enn 240 fugleartar har vorte observert på Runde. I fredingsområda er det merka turistruter og utkikksplassar, og utanom rutene er ferdsel forbode.

Rundefunnet vart gjort utanfor kysten av Runde i 1972. I vraket av eit nederlandsk skip vart det funne ei stor mengd mynt og andre gjenstandar.

Kjelder

  • Runde i Store norske leksikon

Koordinater: 62.39924° N 5.62264° Ø