Sølfest Hansson Urdahl
Sølfest Hansson Urdahl (fødd 26. april 1819, død 19. august 1878) frå Luster i Sogn og Fjordane var gardbrukar, ordførar og stortingsrepresentant.
Han var fødd på Søvde i Luster som son av lensmann og stortingsrepresentant Hans Arneson Urdahl (1769-1829) og Metta Torgersdotter (1779-1847). Han var såleis ein yngre bror til gardbrukar og stortingsrepresentant Ole Hansson Urdahl.
Sølfest Urdahl gjekk Underoffisersskolen i Bergen før han vart gardbrukar på Søvde. Seinare vart han handelsmann på Fagernes i Luster.
I Luster hadde han fleire offentlege ombod, mellom anna som forlikskommisær og ordførar i Luster i ein lengre og to kortare periodar (1846-1853, 1866 og 1868-1869).
Han vart vald til 4. representant frå Nordre Bergenhus amt i stortingsvalet i 1856 og 1862. Ved valet i 1859 vart han 2. vararepresentant. På Stortinget sat han i desisjonskomiteen og militærkomiteen.
Seinare flytte han til Bergen der han var 'mellombud'. Han døydde der i 1878.
Kjelder og litteratur
- Sølfest Hansen Urdahl i folketelling 1865 for Luster prestegjeld fra Digitalarkivet.
- Lindstøl, Tallak. (1914). Stortinget og statsraadet 1814-1914. Bd. 1 del 2. Biografier. Kristiania: Steen'ske bogtrykkeri, s. 916. (Digital utgåve, NBdigital)