Sand kommune
Hopp til navigering
Hopp til søk
Sand kommune i Rogaland vart oppretta i 1859, då den vart skilt ut frå Jelsa. Sand omfatta landet på båe sider av Sandsfjorden i tillegg til den nedre delen av dalføret til Suldalslågen. I 1965 vart Sand, Suldal, Jelsa, Erfjord og delar av Imsland samanslegne til storkommunen Suldal. Sand hadde då 1135 innbyggjarar som budde på eit areal på 221 km2.
Kjelder og litteratur
- Juvkam, Dag: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, Oslo 1999.
- «Sand – sogn» i Store norske leksikon