Selvassvegen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Selvassvegen i Morgedal i Kviteseid kommune går nordover frå Brunkebergvegen (E134) ved Breivatn. Etter garden Rjupestaul (gnr. 70/10) går vegen som skogsbilveg inn i marka og passerer fleire staular. Frå Seksmåldalen like nord for Selvatn, fortsett han namnlaus forbi Vasstaulane og Jonslistaulane og passerer kommunegrensa mot Tokke. Opp til Seksmåldalen er vegen 5,7 kilometer lang.
Vegen har namn etter Selvatn som han går langs.
Kilder
- Kartverket, norgeskart.no
- Bakken, Olav: Kviteseid bygdesoge II, Gardsoga. Eigi forlag 1962.