Sigd

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sigd frå Sogn, laga av ein lokal smed med initialane O.S.H. ein gong før andre verdskrigen.

Ein sigd eller skyru (gno. sigðr, m. eller sigð, f.) er ein reiskap til skjering av korn eller gras. Den har eit krumma blad, der tangen er klinka eller surra til skaftet. Sigden er den eldste reiskapen vi har til føremålet, og var i bruk i heile landet. På Vestlandet og delar av Sørlandet, Trøndelag og Nordland var sigder i bruk heilt opp til vår tid. Reiskapen kom sørfra til Noreg i mellomalderen.

Dei eldste sigdane hadde et svakt krumma blad. Skaftet var i nokre område forma som eit lite stuttorv. På Austlandet og i Trøndelag var skyru vanleg. Dette er ein form for sigd som har sterkare krumming på bladet og kort skaft.

Frå 1700-talet byrja ein del å nytte ljå i skurden i staden for sigd.

Kjelder