Sivert Aarflot-museet
Hopp til navigering
Hopp til søk
Sivert Aarflot-museet er eit personhistorisk museum for folkeopplysaren, Sivert Knudsen Aarflot. Museet opna på Ekset i Volda 23. august 1959, i høve 200-årsjubileet for Siverts fødsel. Museet er ein del av Stiftinga Sunnmøre Museum.
Museet formidlar det omfattande livsverket til Sivert Aarflot og historia om det fyrste trykkeriet på landsbygda i Noreg. I samlinga finst mellom anna trykkeriutstyr som han sjølv nytta i verksemda frå 1809 og fram over.
Sivert Aarflot-arkivet omfattar over 2000 originaldokument etter Sivert Aarflot, Rasmus S. Aarflot og Mauritz A. Aarflot. Arkivet er deponert i Aasen-tunet frå 2000.
Galleri
Kjelder
Sivert Aarflot-museet er ein del av prosjektet Sivert Aarflot og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn. Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida. |