Sko
Hopp til navigering
Hopp til søk
Sko er fellesnamn for ulike sortar fotty — tradisjonelt gjerne laga av skinn eller lêr, men det finst òg skoslag som tradisjonelt er laga av tre, never, filt og ty. Tradisjonelle lêrsko finst i tre hovudvariantar: skor der overlêret går ned til solen; mokasinar der solelêret er snurpa opp i ein boge framme; og komagar der solen er snurpa opp i ein spiss framme. Mokasintypen har vore ein del bruka på Vestlandet og er grunnlaget for Aurlandssko. Komagar er tradisjonelt først og fremst bruka av samar og kvener.