Skolheim (Fedje gnr 168 bnr 34)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Skolheim
S070.168.34.CD 01 012.jpg
Skulehuset på Kopper, bygd i 1912. Lærarane Lars Heggen med familie (til venstre) og Elisabeth Kvalvåg med to søner (til høgre) budde i 2. høgda.
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 34
Adresse: Mulevegen 18, 20, 22, 24 og 26
Bilde frå 2021 med Fedje sjukeheim i midten, tilbygget til høgre. Austrheim i bakgrunnen.
Foto: Karsten Madsen

Skolheim var eit skulehus med lærarbustad i Fedje kommune.

1. Denne tomta vart frådelt gnr 168 bnr 3 i 1916. Skulen vart bygd i 1912. Tidlegare låg skulehuset mellom Muren og Grendaberget, sjå Muren (skulehuset). I 1909 kom det skriv frå skuledirektøren om at dei dåverande lokala var for dårlege. Skulen burde flyttast til ein annan plass, og nytt bygg reisast med betre lokale samt lærarhusvære. I 1911 vart det vedteke å byggja nytt skulehus med to klasserom, sløydrom og to husvære på tomt på Kopper. Fedje kommune fekk tinglyst skøyte på bnr 34 i 1972. Skøyte 1962 på tilleggsareal bnr 118 frådelt Husa gnr 168 bnr 6 i 1952. Her vart det reist eit bygg i 1952 med undervisningsrom. Det vart seinare brukt til tannklinikk og kontor for lensmannen. Skøyte 1971 på tilleggsareal bnr 206 og bnr 224, begge frådelt gnr 168 bnr 3, samt på bnr 226 frådelt gnr 168 bnr 213. I 1960 vart skulen her nedlagd, då nytt skulebygg vart sett opp på Svena (gnr 168 bnr 163). I samband med bygginga av Fedje sjukeheim i 1974, vart skulebygget rive. Det andre bygget vart rive då ein ny fløyg vart bygd på sjukeheimen i 1995. Sjukeheimen fekk da i alt 18 plassar. I underetasjen er det kontor for lege og tidlegare for tannlege. To omsorgsbustader vart bygde i 2005 rett bak sjukeheimen.


Klassebilde om lag 1928 5. og 6. klasse (born f. 1915-1917). Jenter 1. rekkje framme frå venstre: Olga Karlsen, Anna Rognsvåg, Helga Tresnes, Marta Tangen, Jenny Gullaksen, Anne Marie Husa (halvt gøymd). 2. rekkje frå venstre: Solveig Ingemårsen, Emma Bårdsen, Haldis Nilsen (litt bak), Klara Kjeilen (framme), Helga Koppen (litt bak), Petra Rognsvåg (heilt bak), Margot Kongestøl (framme), Ragna Hestenes, Helga Husa (bakom), Synneva Rognsvåg, Olga Olsen (framom), Emma Ophaug. Gutar frå venstre: Ingvar Berg, Arthur Braathe, Magnus Tangen, Olai Mongstad, Karstein Børhaug, Olav Rognsvåg (framom), Ditlef Mongstad (litt bak), Andreas Gudmundsen Husa (heilt bak), Martin Gullaksen (framom), Ame Langeland (heilt framme), Peder Olsen Sulen, Einar Smines (bak), Ole Langedal, Anton Ophaug. Læraren var Daniel Jordal, som òg tok bildet.

2. Ola Jakobsen Aa f. 1877 Gloppen d. 1963 Stord (jf Gloppenb. III.1 s 194) g. 1906 Stord m. Karoline (Kaja) Pedersd Hatland f. 1879 Stord d. 1973. Ola Aa tok lærarutdanninga ved Stord seminar, og var først lærar på Stalleland skole i Landvik (no i Grimstad). Han byrja som lærar på Fedje i 1911. Før skulehuset vart bygd i 1912, budde dei hjå Andreas Koppen (gnr 168 bnr 3-5). I 1912 flytta dei inn i det eine husværet på skulen. I 1916 fekk han lærarpost på Stord, og familien flytta dit.

Born: a. Rakel Aa f. 1907 d. 1985 g. 1934 Stord m. Sverre Ottesen f. 1904 Stord d. 1991, budde der. b. Aasa Aa f. 1910 d. 1997 g.m. Jens Eldøy f. 1909 Stord d. 1984, busette der. c. Edith Andrea Aa f. 1913 d. 2001 g. 1942 Stord m. Kåre Ottesen f. 1913 Stord d. 2005, budde der (han var søskenbarn til a. Sverre). d. Per Aa f. 1917 d. 2018 (100 år gl) g.m. Magnhild Vesterhus f. 1924 Randesund, Kristiansand d. 2016, busette der.

3. Ellen Elisabeth Kvalvåg f. 1874 Ragnhildstveit, Fusa d. 1960 var tilsett som lærar frå 1911, og budde i det andre husværet på skulen. Ho var søster til Anna Hansen, Muren gnr 168 bnr 80-1, sjå der. Elisabeth var lærar her til 1935, og flytta då til Fusa, til slutt budde ho på Voss. Ho vart g. 1905 m. Jakob Andersen Kvalvåg f. 1880 Lygra i Lindås d. 1909 (jf Lygrab. s 194), båtsmann, omkom då han fall ned i skipsrommet.

Born: a. Anders Kvalvåg f. 1906 d. 1976, tannlege på Voss, g. 1930 m. Ruth Lien f. 1903 Borge i Østfold d. 1971. b. Hans Kvalvåg f. 1908 d. 1978, tannlege, g. 1941 m. Liv Tveit f. 1914 Strandebarm i Kvam d. 1983 (jf Strandebarmb. II s 252), budde der, seinare i Laksevåg, Bergen.

4. Etter eit par kortvarige lærartilsetjingar etter nr 2 (sjå Fedjeb. s 104) vart Lars Knutsen Heggen f. 1883 Hornindal d. 1964 tilsett i 1917, og var lærar her til 1920. Familien kom då frå Torsken i Troms. Kona heitte Johanne Oleanna Heggen f. 1883 Hornindal d. 1964, og dei fekk dottera a. Nella Heggen f. 1918 medan dei var på Fedje (d. 2006 Konnerud, g.m. Alf Storhaug f. 1914 Modum d. 2002). Dei flytta til Konnerud, Skoger i Drammen.


5. Daniel Olai Jordal f. 1895 Myking i Lindås d. 1980 (sjå Mykingb. s 536) g. 1922 m. Marie Tønnessen f. 1898 Årdal, Hjelmeland i Ryfylke d. 2002. Jordal vart tilsett som lærar og klokkar i 1921, etter at Jørgen Høines frå Bremanger, Nordfjord f. 1856 d. 1941 hadde vore her eitt år (jf Bremangerb. I s 435). Dei budde i husværet på skulehuset, og Jordal hadde lærarposten heilt til 1955. Dei flytta til Årdal til heimplassen hennar (jf Årdalsb. II s 171).

Born: a. Odd Jordal f. 1923 d. 2005 g. 1949 m. Margit Alice Moi f. 1929 Kvinesdal d. 1990, bustad Farsund. b. Trygve Jordal f. 1924 d. 1993 g. 1948 m. Gunhild Lofthus f. 1918 Sandeid i Vindafjord d. 2016, bustad Høyland i Sandnes. c. Dagrun Jordal f. 1926 g. 1954 m. Ingvar Reidar Dagsland f. 1927 d. 2016 Stavanger, busette der i Hundvåg. d. Dagfinn Jordal f. 1928 g. 1961 m. Helga Maria Berentsen f. 1935, bustad Årdal. e. Einar Torbjørn Jordal f. 1930 g. 1967 m. Tora-Lisa Askestad f. 1941 Røyken, bustad Årdal. f. Kåre Ottar Jordal f. 1934, bustad Årdal. g. Gerd-Inger Jordal f. 1935 d. 2010 g. 1956 m. Ernst Skogerbø f. 1933 Årdal, bustad Hundvåg.

6. Oskar Tangen f. 1905 Grendaberget (gnr 168 bnr 32-1b) d. 2000 vart tilsett som lærar etter nr 3 i 1935. Familien budde i husværet i skulehuset til 1961, då dei bygde hus på Svena (gnr 168 bnr 171), sjå der.



Fedje komm.svg Skolheim (Fedje gnr 168 bnr 34) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Husmenn på Kopper (Fedje) • Neste bolk: Bakken (Fedje gnr 168 bnr 35)