Skotholmen (Fedje)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kart over Skotholmen og Moldøyna med grenselinene melom dei fem hovudbruka, etter utskiftinga i 1959.

Skotholmen er ein holme som ligg nord på Fedje. Den er knytt saman med Moldøyna ved ei vegfylling.

«Skot» kjem truleg av «skjota» eller skyta, dvs. eit framspring av land eller ei høgd som skyt i vêret (O. Rygh). Det skulle passa bra for knausen på Skotholmen. Uttalen er lik skrivemåten, «skåthålmen», men då namnet som regel har hatt ulike former av «Stokholm» i dei skrifteleg kjeldene, er det denne skriftforma som er nytta som slektsnamn. Den første gongen bruket er omtala i 1590, vert det rett nok skrive Skotholmen. I 1610 finn me Schodeholmen, Skotholm 1611, Schottholm 1623, Schodtholm 1645, Skotholmen 1715, Schotholmen 1805 og Skaatholm 1865. Så vart bokstavane ombytt, og me finn Stockholmen i 1644, Stocholmen 1647, Stochholmen 1659, Stokholm 1659, Stochholmb 1665, Stocholm 1723 og Stokholm 1845. I matriklane 1890 og 1906 er Skotholmen brukt igjen. Dessutan vert namnet Stefholmen brukt i kyrkjebøkene på 1700-talet, og det må vera om dette bruket. For å gjera det endå vanskelegare, brukte presten Vågen i kyrkjeboka om Skotholmen på 1800-talet fram til rundt 1865.

Den gamle landskylda for Skotholmen var 2 pund fisk. Frå 1644 vart den sett ned til 1 spann fisk, sikkert for å få brukarar hit. Det var då gått mange år utan folk her. Skylda var sett opp til ½ våg fisk i 1665, men det var ikkje brukarar her då.


Fedje komm.svg Skotholmen (Fedje) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Holmengrå fyr (Fedje gnr 169 bnr 3) • Neste bolk: Skotholmen (Fedje gnr 170 bnr 1)