Skulane i Gol
Skulane i Gol er eit oversyn over skulehstoria i Gol kommune i Buskerud.
Almuge- og folkeskulen
Fram til 1897 var Hemsedal ein del av Gol kommune. Ved skulefundasen i 1742 vart det slege fast at ein trong fire ”skoleholdere” som skulle virka i kvar sitt sokn. I 1746 var det berre ein lærar i heile Gol. Ikkje før i 1757 kom skulen i gang med ein lærar for kvart sokn. Etter kvart vart det to lærarar i Gol sokn, men ikkje før i 1846 tre lærarar. Den fyrste faste skulen i Hallingdal vart starta på tingstova i Nes allereie i 1807. Gol sokn fekk ikkje fast skule før i 1870-åra. Men ein fast skule var i gang allereie frå 1854 i Gol prestegjeld då eit rom vart leigd hjå Klokkar Haavelsen på garden Røyse. Året etter var det 4 lærarar i prestegjeldet. Ein ved den faste skulen på Røysen og i tillegg 3 omgangsskulelærarar.
Krinsinndeling
Skulekommisjonen for Gol hadde frå byrjinga av 1800-talet delt opp prestegjeldet i to fjerdingar, det søndre og nordre, som så var delte i fem rotar kvar:
- Heradsfjerdingen gjekk frå Søre-Li og på båe sider av elva opover til Storla.
- Søre-Li—Li-Nordre,
- Frøysåk—Hagen,
- Eikle—Nørheim,
- Breidokk—Storla,
- Rust—Berg.
- Rotneim og Øygardsfjerdingen gjekk frå Finnesgarden til Sørbel.
- Finnesgarden—Flategrov,
- Rotneim—Gjegleim,
- Skaga—Brekke,
- Bleikfet-Bråten,
- Blakkestad—Sørbel.
Kring 1845 vart det innført ny inndeling: det søndre, nordre og vestre distrikt.
Slutten på omgangsskulen gav nye vanskar for elevar i utkantane som i Brenngrenda, Sørbelgrenda og Grovgardane sidan det vart fast lang reiseveg. I 1877 vart det vedteke å skipe ein krins i Klanten og Brenn med fast skule i eit leigd rom hjå Tolleiv Brenn. I 1879 vart elevane frå åsbruka overførte til Åsgårdane, medan Sørbel vart lagt til Grønlio, men allereie 1880 såg ein at dette vart for langt å gå og skipa eigen skule i Sørbel som varte til 1887 då elevane atter måtte til Grønlio.
Dei gamle skulehusa
- Golreppen: fekk fast skule i tingstova frå 1860. Året etter vart det vedteke å leige 4 lokalar til faste skular i kvart skuledistrikt. Lærar Berg dyrka opp ein skulehage ved Tingstova. Tredelt undervisning frå 1886. Frå 1890 vedteke at den eine småskuleklassa skulle ha undervisning i Hesla i leigd rom. Nytt skulehus på Sanderborg etter 1909. Byggjing av ny skule på Heslajordet byrja i 1957.
- Øygardane (Øydgardo): skulehuset bygd på Ro nær Pustekjelda i 1862. Todelt undervisning frå 1886. Vedteke å flytte skulehuset til Roteigen i 1890. Nytt skulehus i 1934.
- Rotneim: skulehus vedteke bygd i 1862. Todelt undervisning frå 1886. I 1890 vedteke at skulehuset skulle flyttast til Vesle-Eikra. Vedteke å byggje nytt skulehus i 1924.
- Engjo: skulehus bygginga starta i 1863. Frå 1886 var undervisninga todelt.
- Åsgardane (Åsgardo): skulehuset bygd i 1869. Tredelt undervisning frå 1886. Skulehuset vart flytta i 1882. Nytt skulehus vedteke bygd i 1937. Fekk nytt skulehus i 1950-åra.
- Herad: skulehuset vedteke bygd i 1876. Inkluderte elevane frå Liroten. Tredelt undervisning frå 1886. Nytt skulehus i 1915.
- Grønlio: skulehus vedteke bygd i 1885. Samla undervisning frå 1886. I 1890 vedteke å ha felles skulesdistrikt med Engjo. Felles skule frå 1935. Nytt skulehus i 1954. Det gamle skulehuset vart flytta til bygdetunet på Skaga.
- Grov: Skulehuset bygd i 1913. Nokre år var dette separat skule i Granheim sidan vegen til Grønlio var lang.
- Åse: Krins skipa i 1922. Nedlagt i 1930-åra.
Andre historiske skular
- Framhaldsskule: Skipa rett etter krigen på Golreppen. Før dette framhaldsskule i Gol på Tingstova i 8 veker i 1896.
- Kveldsskular: Frå 1875 vart det i periodar helde kveldsskulekurs.
- Amtsskulen i Hallingdal: Veksla mellom dei fire kommunane i dalen. Fyrste omgange vart helde i Nes, til Gol kom skulen fyrst vinteren 1884-85 og vart i to vintrar. Fyrst i 1901 vart det helde amtsskule på Gol att. Skulen var i regelen to år om gongen i kvar bygd. Frå 1913 vart skulen fast på Nes til han vart lagt ned i 1940.
- Arbeidsskule: Den Norske Husflidsforening held kurs i ulike typar husflidsarbeid i bygdene. Av desse vart det i 1903 og 1904 helde kurs i trearbeid i Gol. I 1907 vart det vedteke at det skulle skipast ein arbeidsskule for Hallingdal som veksla på å vera i dei fire bygdene. Frå 1921 vart skulen fast i Gol. Skulen vart drive med tilskot frå staten og kommunane. Etter at staten hadde redusert sine løyvingar i 1909, sa Flå, Gol og Hol opp avtala i 1911, og Nes frå 1931; men skulen vart ikkje nedlagd før i 1940.
- Kvinneleg husflidsskule: Frå 1956 var det kvinneleg husflidsskule i Gol i leigde lokale med opplæring i veving og søm. Husflidsskulen vart i 1994 slått saman med Gol vidaregåande skule.[1]
Skular i nyare tid
Grunnskular
- Gol skule: Skulen er i dag den største barneskulen i Gol med ca. 300 elevar (2015). Gol skule er bygd i 1960 og ligg ved riksveg 50 mellom Hemsedalsvegen og elva Hemsil. Skulen er fulldelt. Elevane i 1. og 2. klasse går på avdelinga til skulen på Glitrehaug som ligg på nedsida av Hemsedalsvegen. Der ligg også SFO for Gol skule og Herad skule.
- Herad skule: Barneskulen er bygd i 1984 og er i dag ein underavdeling til Gol skule. Herad skule ligg ved riksveg 7 like sør for Gol sentrum.
- Gol ungdomsskule: Ungdomsskulen er bygd i 1967 og ligg i Gol sentrum i same bygningskomplekset som Gol samfunnshus og Gol vidaregåande skule. Skulen har tre klassar pr. klassetrinn frå 8. til 10. klasse, og har ca. 185 elevar (2015).
Andre utdanningsinstitusjonar
- Læringssenteret Gol (interkommunal): Læringssenteret held kurs i norsk med samfunnskunnskap for framandspråklege på alle nivå for alle innvandrarar busett i kommunane Flå, Nes, Gol og Hemsedal; og for dei som bur i mottaka i Nes og Hemsedal. Dei har òg eksamensretta grunnskuleopplæring med karakterar for busette i alle kommunane i Hallingdal, opplæring i grunnleggande ferdigheiter og spesialundervisning.
- Gol vidaregåande skule (fylkeskommunal): Ligg på Gol i same kompleks som Gol ungdomsskule. Skulen har seks studieliner: Design og handverk; Idrettsfag; Medium og kommunikasjon; Musikk, dans og drama med programområdet drama; Restaurant- og matfag; og Studiespesialisering med programområda Realfag; og Språkfag, samfunnsfag og økonomi.
- Hallingdal folkehøgskule (Privat): Skulen tok over garden Skaga i 1958, som ligg i lia vestom Gol sentrum, og vart skipa i 1959. Folkehøgskulen er frilynt og er eigd av Hallingdal Høgskulelag.
Arkiv
Eldre og avslutta arkiv etter dei kommunale og fylkeskommunale skulane i Gol er deponert til Interkommunalt arkiv for Buskerud, Vestfold og Telemark IKS.
Kjelder
- Skular i Gol [Kommunal nettside om skulane, lasta ned 21.10.2015]
- Svello, Halvard: Boka om Gol, band I, Frå busetjing til kommunalt sjølvstyre, Gol kommune 1961, s. 121-125, 378-391.
- Svello, Halvard: Boka om Gol, band II, 100 år i strid og vokster, Gol kommune 1963, s. 35-68.
- ↑ Hallingdølen 11. februar 2016, s. 13