Soltun (Fedje gnr 170 bnr 18)
Soltun | |
---|---|
Sokn: | Fedje sokn |
Fylke: | Vestland fylke |
Kommune: | Fedje kommune |
Gnr.: | 170 |
Bnr: | 18 |
Adresse: | Rognsvågen 25 |
Soltun er ein bustadeigedom i Fedje kommune.
1. Konrad Stokholm f. 1919 (gnr 170 bnr 1-17g) d. 2004 g. 1947 m. Alfhild Rosette Langøen f. 1927 Austrheim d. 2019 (jf Austrheimb. III s 626). Skøyte 1959 på tomt frådelt Moldøyna gnr 170 bnr 5 same året. Huset vart bygd i 1960, dei budde før på Skotholmen. Skøyte 1975 på tilleggsareal bnr 32. Konrad var fiskar, sjømann og bygningsmann.
Born: a. Liv Olaug Stokholm f. 1947 g. 1967 m. Thorleif Rognsvåg f. 1936 Nedst-Tangen (gnr 168 bnr 27-17h) d. 1984, son aa. Stian Stokholm Rognsvåg f. 1967, sjå Moldøyna gnr 170 bnr 3-25. Dei budde her, es. oppløyst, Thorleif flytta til Nedst-Tangen. Liv var samb.m. Odd Harald Sellin f. 1952 Bodø, maskinkjørar, bustad Meland (jf Melandb. III s 260). Liv var ferjerestauratør i 15 år, dreiv kafé. Ho er neste eigar (2). b. Nanny Beate Marie Stokholm f. 1951, reinhaldar, g. 1979 m. Harald Waage f. 1947 Bergen, kontormedarbeidar, busette der. c. Alis Karin Stokholm f. 1952, heimehjelp, g. 1978 m. Einar Flesland f. 1944 Osterøy (jf Hamreb. I s 451), bustad Bergen, es. oppløyst.
2. Liv Stokholm f. 1947 på dette bruket (1a), bustad Holmeknappen i Meland, Alver kommune. Ho fekk skøyte i 2020 og flytta hit i 2022.
Soltun (Fedje gnr 170 bnr 18) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no. Sjå også: Forside • Bakgrunn • Litt allmennsoge om Fedje • Forord • Lesarrettleiing • Forkortingar og ordtydingar • Short introduction in English • Kjelder • Litteratur Førre bolk: Strandvoll (Fedje gnr 170 bnr 15) • Neste bolk: Østvoll (Fedje gnr 170 bnr 19) |