Sprisegl
(Omdirigert fra «Spriseil»)
Eit sprisegl (av nederlandsk sprietzeil og tysk Sprietsegel), eldre òg sprydsegl, er eit firskore sneisegl som blir spent ut med ei spri som går diagonalt frå nærme nederenden av mastra til seglbarmen ved hjørnet ytst på overliket på seglet. Sprisegl er vanleg på tradisjonelle båtar kring Nederlanda, England, Nord-Tyskland og det sørlege Skandinavia, gjerne i kombinasjon med fokkesegl på staget og — særleg på litt større båtar — ein klyver på klyverstaget som går frå mastetoppen til fremst på klyverbommen. I Noreg er denne riggen tradisjonelt funne langs kysten av Austlandet og Sørlandet, og i løpet av 1800-talet etterkvart nordover til Hordaland.
Spriseglet vart truleg utvikla i det noverande Nederland i løpet av 1500-talet.