Stortingsvalet i Nordre Bergenhus 1888

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Stortingsvalet i Nordre Bergenhus 1888 var det fyrste etter kløyvinga i Venstre. Valet demonstrerte styrken til den moderate fløya og gjorde det mogleg for Moderate Venstre å gjere reint bord ved valet i amtet. Dette førte til at den radikale venstremannen og seinare statsminister Otto Blehr vart vraka frå stortingsplassen han hadde hatt i to periodar. På Stortinget hadde han spela ei svært sentral rolle i riksrettssaka mot regjeringa Selmer 1883-84.

Valde representantar

Verv Namn/tittel Kommune Parti Merknad
1. representant Gaardbr. Arne Tonning Stryn Moderate Venstre 2. repr. førre periode
2. representant Gaardbr. Gjert Holsen Førde Moderate Venstre
3. representant Kirkesanger Edvard Liljedahl Kyrkjebø Moderate Venstre 3. repr. førre periode
4. representant Gaardbr. J. Myklebust Breim Moderate Venstre 1. repr. førre periode
5. representant Folkehøisk.best. Henrik Mohn Dahl Sogndal Moderate Venstre 5. repr. førre periode
1. suppleant Kirkesanger Anfinn Refsdal Vik Moderate Venstre 2. suppl. førre periode
2. suppleant Gaardbr. A. L. Ese Balestrand Moderate Venstre
3. suppleant Lensmand R. J. Steen Askvoll Høgre
4. suppleant Gaardbr. F. Fraas (Hillestad) Hafslo Høgre
5. suppleant Kirkes. Peder Larsson Sunde Stryn Moderate Venstre

Valet

Valtinget vart halde i Førde 11. september 1888 med 73 valmenn tilstades. 38 tilhøyrde Moderate Venstre, 18 Høgre og 17 Venstre.

Nr Namn Røyster Parti
1. Arne Tonning 52 Moderate Venstre
2. G. M. M. Holsen 47 Høgre
3. Edvard Liljedahl 44 Moderate Venstre
4. J. Myklebust 43 Moderate Venstre
5. Henrik Mohn Dahl 39 Moderate Venstre
6. J. Hæg 19 Venstre
7. Otto Blehr 18 Venstre
8. S. Aarnes 16 Venstre
9. Fr. Aandahl 12? Venstre
10. N. Dvergsdal 14?
11. Olav Sande 12
12. distriktslæge Meyer 12
13. Chr. Wiese 10
14. R. Myklebust 10
15. amtmand Oppen 6
16. S. Fuhr 5
17. O. Bakke 2
18. J. Wolff 1
19. R. Steen 1

Ved valet på 1. suppleant fekk desse røyster:

Nr Namn Røyster Parti
1. Anfinn Refsdal 39 Moderate Venstre
2. Otto Blehr 17 Venstre
3. Aandahl 15

Ved valet på 2. suppleant fekk desse røyster:

Nr Namn Røyster Parti
1. G. M. M. Holsen 33 Høgre
2. Otto Blehr 17 Venstre
3. Aandahl 14
4. R. Steen 6

Ved valet på 3.-5. suppleant fekk i alt 22 personar røyster. Dei som fekk flest, var:

Nr Namn Røyster Merknad
1. R. J. Steen 35 Omval: 48
2. F. Fraas 35 Omval: 24
3. Peder Larsson Sunde 26
4. Otto Blehr 17
5. Aarnæs 17
6. Aandahl 15
7. Dvergsdal 13
8. Wolff 13
9. Ole Kvamme 11

Frammøte på Stortinget

Representantane møtte på dei ordinære Stortinga i 1889, 1890 og 1891. Liljedahl sat som statsråd frå 6. mars til sommaren 1889, så Refsdal møtte frå 14. mars og ut sesjonen. Liljedahl møtte i 1890 og 1891.

Kjelder