Stortingsvalet i Nordre Bergenhus 1894
Under stortingsvalet i Nordre Bergenhus 1894 vart samarbeidet mellom Moderate Venstre og Høgre frå 1891-valet i amtet ført vidare og forsterka. På valtinget sytte dei to partia for å halde Venstre heilt utanfor både dei faste plassane og varaplassane. K. A. Taraldset kom inn for den avlidne Arne Tonning, elles var representantane frå amtet dei same.
Valde representantar
Verv | Namn/tittel | Kommune | Parti | Merknad |
---|---|---|---|---|
1. representant | Sogneprest Jakob Sverdrup | Bergen | Moderate Venstre | 2. repr. førre periode |
2. representant | Gaardbr. K. A. Taraldset | Innvik | Høgre | |
3. representant | Gaardbr. Gjert Holsen | Førde | Høgre | 5. repr. førre periode |
4. representant | Gaardbr. F. Fraas (Hillestad) | Hafslo | Høgre | 4. repr. førre periode |
5. representant | Kirkes. Anfinn Refsdal | Vik | Moderate Venstre | 3. repr. førre periode |
1. suppleant | Provst Ludvig K. O. Strømme | Selje | Høgre | 1. suppl. førre periode |
2. suppleant | Gaardbr. J. B. Lieske | Bremanger | Høgre | |
3. suppleant | Kirkesanger Peder Larsson Sunde | Stryn | Moderate Venstre | |
4. suppleant | Gaardbr. N. S. Dvergsdal | Jølster | Moderate Venstre | |
5. suppleant | Gaardbr. A. L. Ese | Balestrand | Moderate Venstre | 5. suppl. førre periode |
Valet
Valet vart halde i Førde 9. oktober 1894 med 86 valmenn tilstades. 50 tilhøyrde Moderate Venstre og Høgre, og 36 Venstre.
Flest røyster under representantvalet fekk:
Nr | Namn | Røyster | Merknad |
---|---|---|---|
1. | Jakob Sverdrup | 50 | Moderate Venstre |
2. | K. A. Taraldset | 49 | Moderate Venstre |
3. | G. M. M. Holsen | 49 | Moderate Venstre |
4. | F. Fraas | 49 | Høgre |
5. | Anfinn Refsdal | 48 | Moderate Venstre |
6. | S. Aarnæs | 35 | Venstre |
7. | J. Myklebust | 35 | Venstre |
8. | J. Hæg | 35 | Venstre |
9. | Elias Melvær | 31 | Venstre |
10. | Sjur Næs | 29 | Venstre |
11. | R. Sindre | 9 | |
12. | Lasse Trædal | 7 |
Ved valet på 1. suppleant fekk desse flest røyster:
Nr | Namn | Røyster | Merknad |
---|---|---|---|
1. | Ludvig K. O. Strømme | 47 | |
2. | Aarnæs | 35 |
Ved valet på 2. suppleant fekk desse flest røyster:
Nr | Namn | Røyster | Merknad |
---|---|---|---|
1. | J. B. Lieske | 49 | |
2. | Aarnæs | 35 |
Ved valet på 3.-5. suppleant fekk desse flest røyster:
Nr | Namn | Røyster | Merknad |
---|---|---|---|
1. | Peder Larsson Sunde | 50 | |
2. | N. S. Dvergsdal | 49 | |
3. | A. L. Ese | 49 | |
4. | Aarnæs | 35 | |
5. | Hæg | 35 | |
6. | Myklebust | 32 |
Frammøte på Stortinget
Representantane møtte på dei ordinære Stortinga i 1895, 1896 og 1897. Sverdrup vart statsråd 26. oktober 1895, så Strømme møtte 1896-1897. Fraas fekk permisjon frå 6. juli 1896, så Lieske møtte frå same dag.
Kjelder
- Stortingsval i Sogn og Fjordane (liste)
- Lindstøl, Tallak. (1915). Stortinget og statsraadet 1814-1914. Bd. 2, del 2. De enkelte storting og statsraader. Kristiania: Steen'ske bogtrykkeri, s. 516-517. (Digital utgåve, NBdigital).