Strand (Fedje gnr 172 bnr 34)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Strand
S508.172.34.CD 05 015.jpg
Framfor bnr 34 i 1948. Frå venstre: Olav, Agnar, Martin, Lisabeth og Laila Hatlem (3).
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 172
Bnr: 34
Adresse: Stormarkvegen 354

Strand er eit tidlegare bruk, no fritidseigedom, i Fedje kommune.

1. Erik Bertin Ananiassen f. 1859 Kvalheim, Radøy d. 1937 (son av Ananias Eriksen f. 1829 og Magnhild Olsd f. 1817, jf Radøyb. II s 112) g.l.g. 1887 m. Ragnhild Bertine Jonsd f. 1861 Håland, Radøy d. 1896 (dotter av Jon Knutsen f. 1833 d. 1862 og Siri Johannesd f. 1832 d. 1863, sjå Radøyb. II s 240). Ragnhild vaks opp hjå morsøstera Kari Johannesd på Hellesund i Øygarden. Ho var søskenbarn til Brita Stormark (gnr 172 bnr 5-2), mødrene deira var søstre frå Sanden i Øygarden. Erik og Ragnhild flytta hit i 1887 frå Kvalheim, der eldste sonen er fødd. Erik er nemnd forpaktar i folketeljingane 1891 og 1900, og pakta bruket til Fedje Torvkompagni. Bygsel på dette bruket frådelt gnr 172 bnr 2 i 1927. Næringa var fiske og jordbruk.

Born: a. Marius Severin Eriksen f. 1887 d. 1919 g. 1910 m. Bertina Olaisd f. 1883 Stormark (gnr 172 bnr 20-ld) d. 1940, budde på gnr 172 bnr 35-1. b. Joakim Andreas Eriksen Stormark f. 1889 d. 1967 g. 1914 m. Lovise Larsd Krossøy f. 1893 Austrheim d. 1965, sjå Stormark gnr 172 bnr 23-2. c. Elias Bertin Eriksen Stormark f. 1892 d. 1962 g. 1917 m. Oline Albriktsd f. 1899 Sulo i Øygarden d. 1971, budde på Stormark (gnr 172 bnr 23-3). d. Ingeborg Kristine Eriksd f. 1893 d. 1936 g. 1916 m. Hellemann Knutsen f. 1892 Byrkjeland, Radøy d. 1927 (jf Radøyb. II s 701), budde på Svellingen i Øygarden, der ho var oppfostra hjå farsøstera Malena Ananiasd etter moras død. Sjå òg Stormark gnr 172 bnr 23-1. e. Helena Marie Katinka Eriksd f. 1895 d. 1911 (tub.), vaks opp på Eide (gnr 168 bnr 15-18).

2. Enkjemannen Erik Ananiassen (1) g.2.g. 1896 m. Martine Johannesd f. 1856 Sulo, Øygarden d. 1931 (dotter av Johannes Steffensen f. 1827 d. 1858 og Johanna Olsd f. 1827 d. 1884).

Born: a. dødfødd dotter f. 1897. b. dødfødd dotter f. 1899. c. Johannes Severin Eriksen f. 1903 d. 1959, sjå nr 4 her.

3. Martin Hatlem f. 1909 Stormark (gnr 172 bnr 20-3c) d. 1974 g. 1936 m. Lisabeth Solsvik f. 1912 Fjell d. 1989 budde her og tok seg av Erik (nr 1) til han døydde. Dei bygde på huset i 1941, og flytta det til gnr 172 bnr 20 i 1953, sjå der (4). Familien er ført der. Tinglyst skøyte på tomta som hørte til huset i 1986 med nytt bnr 165 (seld i 1992 til Anna Maria Gjerde f. 1944, busett Radøy, jf Radøyb. V s 149, og i 2004 til Tommy Hatlem f. 1969, sjå Husa gnr 168 bnr 229-1a, han er soneson til Martin og Lisabeth).

Johannes Eriksen (4).

4. Johannes Eriksen f. 1903 på dette bruket (2c) d. 1959 g. 1924 m. Betsy Korneliusd f. 1906 Stormark (gnr 172 bnr 15-1d) d. 1984. Huset vart bygd i 1930 på tomt frådelt gnr 172 bnr 2 i 1930 med nytt bnr 39 Fjellhaug, dei fekk skøyte på tomta same året. Dei hadde 7-8 sauer. I 1941 kjøpte dei jorda på dette bruket (bnr 34). Johannes var fiskar og sjømann, han hadde brønnbåt som han førte levande fisk med.

Born: a. Marie Elfrida Eriksen f. 1924 d. 2005, ugift, bustad Bergen, arb. Kløverhuset. b. Karstein Eriksen f. 1926 d. 2013, neste eigar (5). c. Bjørg Eriksen f. 1928 d. 1945. d. Augun Eriksen f. 1929 d. 2013 g. 1950 m. Anny Alfredsen f. 1931 Stormark (gnr 172 bnr 22- lh) d. 2017, busette på gnr 172 bnr 23-4. e. Konstanse Eriksen f. 1930 d. 2018 g. 1951 m. Ivar Berge f. 1924 Voss d. 2008, bustad Stormark gnr 172 bnr 15-2. f. Reidun Maryon Eriksen f. 1931 d. 2006, fiskeindustriarb., g. 1950 m. Reidar Bernt Knappen f. 1932 Hellesøy i Øygarden d. 1980, fiskar, busette der. g. Kristine Eriksen f. 1936 g. 1958 m. Kurt Mikal Hansen f. 1938 Bergen, busette der, dreiv kjøtforr. h. Rigmor Eriksen f. 1942, ugift, butikkmedarb., bustad Bergen.

5. Karstein Eriksen f. 1926 på dette bruket (4b) d. 2013, ugift, sjømann. Han fekk tinglyst skøyte på bnr 39 (huset) i 1967 og på bnr 34 (jorda) i 1986. Bnr 39 vart seinare samanføydd med bnr 34.

6. Betty Eriksen f. 1950 (jf 4a) d. 2014 g. 1976 m. Ingvard Storemark f. 1949 (gnr 172 bnr 22-2e), bustad Ågotnes i Fjell. Skøyte i 2006. Det er ein fritidseigedom. Sjå òg Stormark gnr 172 bnr 23-5.


Fedje komm.svg Strand (Fedje gnr 172 bnr 34) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Hustad (Fedje gnr 172 bnr 33) • Neste bolk: Myr (Fedje gnr 172 bnr 35)