Straumen (Sykkylven)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Straumen er ei elv i Straumgjerde i Sykkylven kommune. Ho renn i frå Fetvatnet (Fitjavatnet) og ut i enden av Sykkylvsfjorden. Elva blir rekna for å vere den kortaste lakseelva i Nord-Europa.

I 1930 vart det bygd ei bru over elva. Under brua, på den eine sida, er det ei lita trebru, slik at fiskarar kan gå over elva utan å krysse vegen. Det er også ei trebru lenger oppe i elva, slik at det blir enklare å kome seg bort til fiskeplassar. Fiskesonen nedst i elva er reservert for flugefiskarar.

Opp gjennom åra har det vore drive arbeid for å sikre fiskestamma i elva. Fetvassdragets elveeigarlag har hatt kummar ved Fetvatnet der det har gått stamlaks. Dei siste åra har det, som i andre elvar på Sunnmøre, vore ein del innsig av oppdrettslaks og -aure i elva. Ho er framleis rekna som ei god lakseelv.