Sundslivegen (Sauherad)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Sundslivegen i Sauherad i Midt-Telemark kommune er ein skogsbilveg som går nordover frå BjørnskåsvegenNordagutu, på vestsida av Kåsahøgdin og Sundsliane til husmannsplassen Bjøranslettin. Han blei anlagt i 1948 og er 3 600 meter lang.

Vegen har namn etter Sundsliane. Tidlegare skogbrukssjef Halvor Fjones namnsette denne og mange andre skogsbilvegar i Sauherad kommune med innspel frå grunneigarane. Vegane blei skilta i 2001–2002 med treskilt. Offisielt namnevedtak blei gjort i 2016.

Hans Sundsvalen fortel om plassen Bjøranslettin. På kart står navnet Bjøranslettin med «r», men Hans meiner at det rette namnet er Bjølanslettin med «l». Hans har sjøl vore gjetargut der fordi foreldra hans hadde kyr der til slutten av 1950-talet.

Kjelder

  • Kartverket: Norgeskart
  • Facebookgruppa Gvarv Turlag.
  • Sauherad kommune, Utvalg for næring, plan og teknikk, div. dok.


Koordinater: 59.41898° N 9.32785° Ø