Sunnarvik krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Sunnarvik krins i Flora kommune (tidlegare i Eikefjord kommune) var først ein del av Vasset krins. På slutten av 1800-talet fungerte Sunnarvik som eigen skulekrins, og i 1892 vart Vasset krins ein del av Sunnarvik. Krinsen vart lagt ned i 1962, då elevane flytta til Eikefjord sentralskule.

Skulehus

Det første skulehuset i Eikefjord vart flytta og nytta som skulehus i Sunnarvik frå 1904. Sidan bygget var frå 1863, måtte noko av materialet bytast ut. Då skulekrinsen vart lagt ned i 1962, flytta kommunen bygget lenger opp i bygda. I dag vert huset nytta som grendehus.

Skuledagen

Skulevegen

Sunnarvik skulekrins var fyrst ein del av Vasset krins. På slutten av 1800-talet fungerte Sunnarvik som eigen krins, og i 1882 vart Vasset krins ein del av Sunnarvik. Krinsen lagt ned i 1962, då elevane flytta til den nye Eikefjord sentalskule.

Torleik Stegane hugsar: «Eg var elev ved Sunnarvik folkeskule frå 1954 til 1961. Langs bygdevegen (Svardalsvegen som han heiter i dag) var det fire km å gå til skulen og fire km attende. Vi kunne og gå ein snarveg gjennom skogen. Då gjekk vi opp gjennom Geila, forbi Ospene over Klårvasselva. Vidare i Øvste grøvegen opp til Likkjekvia. Derfrå over Lågeberget og Høgeberget til Likkjekjenna. Forbi Rabbekjenna og Rabbane. Neover Holebøen, forbi Vassetehola til Ospåsen».

Lærarar

Etternamn Fornamn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad

Foto

Kjelder

  • Endestad, Odd Asle: Frå fundas i 1743 via bygdeskular og sentralskule, til ny skule i Eikefjorden i 2016, 2016.
  • Opplysningar frå Torleik Stegane (elev 1954-61).


Koordinater: 61.574997° N 5.454072° Ø