Svartebåten (Sunnmørsbåt 1880)
Svartebåten | |
---|---|
Egennavn: | Svartebåten |
Båttype | Sunnmørsbåt |
Lengde | 16 fot |
Antallbordganger: | 6 |
Antall rom | 3 |
Byggeår | 1880 |
Båtbygger: | Ukjent |
Framdriftsmidler: | Seil, Motor |
Kommune | Volda kommune |
Lagstilhørighet: | Bjørkedal båtsamlingar |
Lagstilhørighet andre: | Bjørkedal kystlag |
Nåværende eier: | Bjørkedal båtsamlingar |
Svartebåten vart kyrkjefæringen til Knutegarden på Sætre i Dalsfjord og bygd på Bjørkedalen i 1880. Det er ein snedbetning, men den er noko spesiell då det er berre ein bordgang som delar seg i renningar. Båten skal ha vore ein god båt å segle og ved høveleg bør skal den berre ha brukt femten minutt over Voldsfjorden, frå Sætre til Egset.
Den sto i mange år ubrukt i naustet, til dei på 1960-åra satte inn ein 2-3/4 hk plenklippermotor, men båten var framleis rigg og segl som høyrde til ein færing. Då motoren etter nokre takka for seg, vart båten ståande inne. Då nyttårsorkanen i 1992 tok knekken på det gamle storebåtsnaustet frå 1870-åra og båtane som sto i naustet vart pressa flate over tok Bjørkedal kystlag kyrkjefæringen frå Knutegarden.
Kjelder
- Hjellnes, Tove Aurdal: Bjørkedal kystlag og Bjørkedal båtsamlingar. Voldaminne 2012 s. 121-140