Sygnesand krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Søgnesand krins (også kalla Kjøsnesfjorden krins) var ein skulekrins i Jølster kommune i Sunnfjord. Undervisning på Sygnesand høyrer ein først om i skuleprotokollen frå 1836. På dette tidspunktet var det omgangskule, og borna blei undervist i private husstandar på garden. Mot slutten av 1800-tallet blei Sygnesand ein eigen krins, og den gamle rode ordninga bortfalt. Krinsa omfatta borna frå gardane: Sygnesand, Lunde og Ripe.

Læraren i krinsa måtte undervise i båe Sygnesand og Sunde. Dette blei endra i 1916/1917, då Sygnesand blei utskilt som eigen krins og fekk sin eigen lærar.

Mot slutten av 1930-tallet fekk krinsa eit nytt namn. I protokollane og møtebøkene står krinsa oppført som Kjøsnesfjorden. Fortsatt omfatta krinsa gardane: Sygnesand, Lunde og Ripe. Krinsa blei på midten av 1950-tallet nedlagt, og borna blei overført til Vika skulekrins. Då den nye sentralskulen på Skei var opningsklar i 1960, blei elevane frå Kjøsnesfjorden overført til denne skulen. Dette var ein del av den omfattande sentraliseringsprosessen i Jølster kommune på 1950- og 1960-tallet.

Skulehus

På 1890-talet fekk dei fleste krinsane i Jølster skulehus, men på Sygnesand heldt ein fram med å bruke «leiede lokaler». Ifølge Jølster skulestyre var dette: «for det meste almindelige sperrestuer, der i regelen er noksaa sunde og afgiver taaligt rum i forhold til barnetallet». Skulestyre meinte også at det ikkje var nødvendig å bygga eit skulehus, då talet på elevar berre var lågt.

Det var fyrst i 1947 at krinsa vart samde om at eit skulehus skulle byggast i Kjøsnesfjorden. Dei bad Jølster skulestyre om ikkje det gamle skulehuset i Sandal kunne flyttast til krinsa. Huset var truleg satt klart til bruk i 1948/1949, då det omtalast i skuledagboka for krinsen.[1]

Skuledagen

Skulevegen

Lærarar

Etternamn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
O.J. Møkelbust Sunde 1836 1840?
Ole Christensen Sunde 1855 1858?
Daniel Olsen Sunde 1859 1860?
Anton Eliasson Fond 1866 Sunde og Sygnesand 1888 1893 Stord 1887
Elias Fossheim 1846 Sunde og Sygnesand 1894,1903 1897,1912 Utdanning Balestrand 1867 og Stord 1870 Var lærar i to perioder i krinsa: 1894-1897 og 1903-1912
Andreas Øgaard 1872 Sunde og Sygnesand 1897 1902 Volden 1887
Johannes Andersson Klakegg 1887 Sunde og Sygnesand 1912 1916 Volda 1911
Maria Severine Huslid 1899 Sygnesand 1920 1923 Volda 1920
Malmfrid Hole Lunde 1901 Sygnesand 1923 1954? Volda 1923
Dagrun Fossheim 1923 Sygnesand 1944 1945 Vikar
Kristianne Fluge 1902 Sygnesand 1947 1948 Volda 1924 Vikar
Agnar Halse Sygnesand 1954 1955
Almveig Sårheim Sygnesand 1958

Foto

Fotnotar

  1. Dagbok for Kjøsesnesfjorden 1948-1955, 1957-1958

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

  • Dagbok for Sunde og Sygnesand 1880-1903
  • Dagbok for Sunde og Sygnesand 1903-1943
  • Dagbok for Kjøesnesfjorden 1948-1955, 1957-1958
  • Karakterprotokoll for Gjesdal, Myklebust og Sandal 1833-1860
  • Karakterprotokoll for Sunde og Sygnessand 1897-1960
  • Karakterprotokoll for Kjøsnesfjorden (Sygnesand) 1917-1939, 1946-1958
  • Møtebok for Kjøsnesfjorden (Sygnesand) 1917-1954


Koordinater: 61.520891° N 6.585308° Ø