Sykkylven Venstre

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Venstre er det eldste politiske partiet i Sykkylven, som det er det i dei fleste landkommunane i Noreg. Det første referatet i protokollen til venstreforeininga i Sykkylven er frå 19. august 1883, eit halvt år før den norske venstreforeininga vart skipa. Då var namnet på foreininga Søkelvens Samtalelag. Slike samtalelag voks fram over heile landet frå midten av 1870-åra, og fleire stader gjekk desse laga gradvis over i den regionale og nasjonale Venstre-organisasjonen.

Framveksten av samtalelag er uttrykk for avgjerande endringar i det norske samfunnet frå midten av attenhundretalet. Frå tida rundt 1840-åra vart det stadig oftare snakka om «associationsaanden», det vil seie at folk kjende trong for å kome saman i organisasjonar. Desse var med å synleggjere nye interessekonfliktar og makttilhøve. Også lokalsamfunn som Sykkylven vart tettare integrert i storsamfunnet. Det vart bygd vegar som batt landet betre saman, dampskips- og jarnbaneruter førte varer og folk raskare fram. Samstundes vart det ei spesialisering i primærnæringane i landet. Bøndene produserte det som gav best utteljing på den nasjonale marknaden, medan dei tidlegare hadde produsert det meste av det dei trong i ein meir lukka sjølforsyningsøkonomi. Alt dette førte til at menneske i distrikta vart meir påverka av det som skjedde andre stader. Skulle dei sikre seg at deira interesser vart høyrde, måtte dei ta aktivt del i samfunnsdebatten. For nokre vart samtalelaga eit forum der dei prøvde å orientere seg i det nye landskapet.

På denne tida dreide ordskiftet i riksstyringa seg mykje om styringsforma i landet. Fram til 1880-åra hadde kongen mykje politisk makt. Han kunne til dømes nekte å godta lover som Stortinget hadde vedteke. Det var nett dette Kongen gjorde då fleirtalet i Stortinget ville at statsrådane skulle møte i Stortinget for å svare for seg overfor dei folkevalde. For kongen, statsrådane og dei politisk konservative vart dette oppfatta som ein trussel. Dei var redde for at statsrådane og regjeringsmakta skulle miste si frie stilling. På den andre sida stod dei nasjonalt og demokratisk innstilte stortingsrepresentantene og talte for at makta skulle samlast i stortingssalen. Det var der dei folkevalde representantane sat. Desse fann altså etter kvart saman i Norges Venstreforening, som hadde ei nasjonal forankring mellom anna i samtalelag og andre folkelege organisasjonar rundt om i landet

Over til Venstre

Det store politiske samtaleemnet i Noreg i siste halvdelen av 1883 var riksrettsaka mot Selmer-regjeringa. Den liberale regionavisa Søndmørsposten, som kom i gang dette året, følgde saka frå dag til dag og mana til kamp for demokratiet. Avisa heldt fram at det var viktig at dei demokratiske og reformvillige kreftene i landet samla seg i venstreforeiningar. 27. september 1883 kunne avisa melde at det i Sykkylven var oppretta ei samtaleforeining «der fuldstændig slutter sig til den liberale Politik.» Dette var eit av dei første venstrelaga på Sunnmøre, sjølv om det i første omgang ikkje tok venstrenamnet. Det politiske alternativet for dei samfunnsengasjerte var Høgre, men det partiet rekrutterte svært få medlemer eller veljarar på landsbygda på Sunnmøre. Dette var partiet for dei som ville halde på styringsforma der kongen var eit stabiliserande element. Dei var skeptiske til å gje for mykje makt til folkevalde organ. I Sykkylven fanst det knapt Høgre-folk i det heile. Tidlegare lensmann Bernt Tandstad fortalde at det kring førre hundreårsskiftet skal ha vore éin høgremann i sentrumskrinsen. Han var offiser. Alle dei andre med røysterett meinte at det var Venstre som best tok vare på interessene deira.

I møteprotokollen til samtalelaget står det dette om føremålet: «Samtalelagets formaal er at arbeide for a) en frisindet Politik paa grundlag af Kristendommen og Grundloven af 17. Mai 1814. b) Jordbruget og i det hele Bygdens Opkomst og Fremgang i enhver henseende. c) Fremmøde ved valgene.»

Det siste var ikkje det minst viktige. For dei som ville ha endringar i styringsforma og meir makt til dei folkevalde organa, i første rekke Stortinget, var det viktig å mobilisere flest mogeleg av dei røysteføre før vala. Røysterettsreglane som vart utforma i 1814 galdt framleis i 1880-åra. Veljarane røysta på valmenn som kom saman på amtsnivå (fylke) for å velje stortingsrepresentantane. Røysteretten var avgrensa til menn over 25 år med eigd eller bygsla jord. I tillegg hadde embetsmenn røysterett, og borgarar med eigedom i byar.

Også eit bondeparti

Sjølv om røysteretten berre galdt eigedomsmenn over 25 år, var samtaleforeininga i Sykkylven open for alle menn over 18 år. Laget var då tenkt som ein stad der medlemene gjennom foredrag og diskusjonar skulle vinne innsikt i samfunnsspørsmål slik at dei kunne gjere interessene sine gjeldande. Siktemålet var ikkje berre å skjerpe det politiske medvitet. Samtalelaget kom i det praktiske arbeidet sitt til å engasjere seg minst like mykje for det lokale landbruket som for det nasjonalpolitiske regimeskiftet. Diskusjonane om maktfordelinga i statsstyringa vart følgt med interesse, men dei meir nærliggande utfordringane i arbeidet på åkrar og i fjøs viser tydlegare att i møtereferata. På det første ordinære møtet i september 1883 heldt viseformannen Ole Vik eit foredrag om høstpløying. Vik meinte at pløying om hausten var beste måten for å få vekk uønska ugras i åkeren. På denne tida var det enno korndyrking på gardane i Sykkylven. Vik minte også dei frammøtte om at gammal åkermark trong meir gjødsel enn ny åkermark. Om det ikkje var høg politisk flukt over alle diskusjonane i samtalelaget, gjekk også det landbruksrelaterte opplysningsarbeidet inn i nasjonsbyggings- og demokratiseringsstrevet. Den norske gardbrukaren var sjølve grunnklossen i sjølvstendeverket. Å trygge bondens stilling materielt og økonomisk var difor ei høgaktuell politisk sak.

1883 var eit viktig tidsskille i bygdesoga. 1. juli dette året vart Sykkylven skilt ut frå Ørskog og fekk stå på eigne bein. Fleire av medlemene i samtalelaget var sentrale også i heradsstyringa, og dermed var det ikkje unaturleg at også kommunaløkonomiske tema vart drøfta. På det første møtet diskuterte dei korleis dei kunne gå fram for å redusere dei aukande fattigutgiftene i kommunen. På det beskjedne kommunebudsjettet vog kostnadene til fattigomsorga tungt. Av samla kommunale utgifter på 6424 kroner i 1884, gjekk 2322 kroner til fattigvesenet. Til samanlikning vart 1900 kroner nytta til skulane. Det kom fram forslag om at gardbrukarane skulle etablere noko som kunne likne på ei arbeidsformidling. Når dei hadde arbeid som dei ville ha utført, kunne dei melde dette inn til ein kontaktperson. Når det kom friske folk som ville ha fattigstøtte, skulle desse i staden få tilbod om betalt arbeid, og eventuelt mat. Det er usikkert om denne arbeidsformidlinga kom i gang. Ho ville i tilfellet ha vore den første i sitt slag i kommunen.

Ny start

Eit tema som var mykje framme i samfunnsdebatten på Sunnmøre på denne tida var skadeverknadene av rusdrykken. Det var ei sak som også vart diskutert i Søkelvens Samtalelag. På eit møte hausten 1883 kom det fram forslag om at det ikke skulle skjenkast brennevin i Sykkylven jula 1883 og 1884. Å drikke til jul var ein seigliva skikk. Det gjekk religiøse vekkingar over Sunnmøre i 1880-åra, og særleg for dei nyvekte og religiøse var samankoplinga mellom julehøgtida og rusdrykken problematisk. Medlemene i samtalelaget hadde forståing for forslaget, men fleirtalet meinte at eit skjenkeforbod for brennevin var å gå noko langt. Dei la til at utskjenkinga av brennevin hadde minska sterkt dei siste åra, så framlegget om skjenkestogg fekk ikkje tilslutnad.

Venstre vart skipa på landsbasis i januar 1884. Då medlemene i det relativt nystarta samtalelaget møttest første gongen i 1884, var det under namnet Søkelvens venstreforening. Organisasjonsendringa var så ukontroversiell at ho ikkje eingong vart nærare omtala i møtereferatet. Den einaste statuttendringa som vart bokført var at styret vart utvida frå fire medlemer til åtte.

Kampen mellom statsmaktene i Noreg nådde ein viktig milepåle i 1884. Venstre sigra og den parlamentariske styringsforma vart gjennomført. Då hadde ikkje lenger Kongen veto i lovsaker. Venstrehøvdingen Johan Sverdrup sa at då var all makt samla i stortingssalen.

Denne striden hadde mobilisert grunnplanet til innsats. Etter at sigeren var sikra, var det berre naturleg at engasjementet minska noko. Det kan vere grunnen til at det ikkje vart ført inn møtereferat nokre år etter hausten 1884. Men venstreprotokollen vart teken vare på, og i 1894 kom fleire av dei same karane saman for å skipe Søkelvens venstreforening på nytt. Den gamle protokollen vart snudd rundt, og foreininga førte sitt første møtereferat inn i ei bok med mange blanke ark.

Frå då av verkar den lokale venstreforeininga å vere enno tettare vevd inn i venstre-apparatet på regionalt og nasjonalt nivå. Mykje truleg har initiativet til revitaliseringa av den gamle venstreforeininga kome frå amtsforeininga i Molde. I paragraf 1 i foreininga sine statuttar heiter det: «Søkelvens Venstreforening tilhører Romsdals amts Venstreforening og stiller sig som mål i forbindelse med denne at virke for politisk oplysning ved afholdelse af møder og udbrædelse af folkelige blade og skrifte samt for kraftig deltagelse i valgmannsvalg og kommunevalg.» Bastian Weiberg-Aurdal var dei første åra etter nyskipinga leiar i venstrelaget i Sykkylven. Nestleiar var P.C.N. Aure.

Kvinner utan røysterett

Det politiske arbeidet i kommunen gjekk den gongen lite etter rikspolitiske skiljelinjer. Kommunevallistene var lenge reine krinslister. Heller ikkje Venstre stilte eiga lista ved kommuneval. Organisasjonen var først om fremst innretta for mobilisering i samband med stortingsvala. Venstrelaget hadde heilt frå starten av i 1894 planar om å opprette lokalavdelingar i Sykkylven, med ein krinsformann i kvar. I 1896 var 10 lokale krinsgrupper på plass. Kvar krins hadde ein formann og tre rodemenn. Arbeidet deira gjekk ut på å få flest mogeleg av dei røysteføre fram til urnene. Framleis var det slik i Sykkylven at stort sett alle røystene gjekk til Venstre ved riksval, anten til dei moderate eller til det såkalla reine Venstre. Så lenge Venstre var det einaste partiet som hadde oppslutning i Sykkylven, kan ein med god grunn også sjå på krinslistene som venstrelister. Slik fungerte det visst i praksis også. I april 1885 handsama heradsstyret eit brev frå Velledalens venstreforening omkring omlegging av vegen frå Straume til Øggardsvika.

Etter statuttane var foreininga open for både menn og kvinner, men i medlemlistene var det berre mannsnamn. Det var enno ikkje innført røysterett for kvinner, men kvinnene kom etter kvart meir aktivt med i samfunnsdebatten. På nasjonalt nivå var det fleire i Venstre som tok til orde for at også kvinner flest burde få ta del i val. Men midt i 1890-åra var enno ikkje spørsmålet om allmenn røysterett for menn avgjort. Så fleire meinte at ein først måtte få det spørsmålet avgjort før ein gjekk vidare og sette kvinneleg røysterett høgt på dagsordenen. Denne linja fekk tilslutning i Søkelven venstreforening.

Lokallaget hadde ikkje noko høgt aktivitetsnivå. Nystartåret vart det berre avvikla eitt møte. I 1895 var det ikkje notert noko i møteboka. Det neste møtet var i 1896 og det kom til etter initiativ frå amtsvenstrelaget. Hovudsak på møtet var diskusjon om forslaget til valprogram fra Norges Venstreforening. Lokallaget støtta landsvenstre sitt syn i saka om eige norsk konsulatvesen. Noreg hadde stor grad av sjølråderett innafor rammene av unionen, men når det gjaldt utanrikspolitikk var det svenskane som kontrollerte det meste. Dei to landa hadde felles utanriksminister som alltid var svensk. Striden omkring dette var med å løyse opp dei siste restane av unionsband mellom dei to broderlanda. Igjen følgde Venstre ei folkeleg, demokratisk linje, som altså lokalforeininga i Sykkylven slutta opp om. Men når det gjaldt synet på kvinneleg røysterett var ikkje sykkylvingane mellom dei mest nytenkande. I referatet frå møtet der stortingsprogrammet vart handsama, heiter det; «Derefter udtalte man at man ikke fandt det betimelig fortiden at tilstaa kvinder stemmeret.»

Venstredominans

Venstrelaget var lenge det einaste politiske partilaget i Sykkylven. Sykkylven var på slutten av 1800-talet eit samfunn med små sosiale forskjellar. Dei yrkesaktive var stort sett gardbrukarar med små gardsbruk. Elles var her nokre lærarar, kjøpmenn og handverkarar. Også desse kjende seg mest heime i Venstre-leiren. Fløypartia Høgre og Arbeidarpartiet hadde lite å hente i Sykkylven før 1900. Difor var det ingen som stilte spørsmålsteikn ved at det var venstreforeininga som tok seg av 17.maimarkeringa i kommunen. På eit møte våren 1897 vart det beslutta at ein også dette året skulle feire 17.mai på vanleg måte. Programmet for dagen var slik: Frammøte på Aurekaia kl. 16.00. – 17.mai var ikkje fridag den gongen, og arbeidslivet i Sykkylven gjekk heller ikkje etter klokka, men følgde årsrytmen i naturen og i landbruket. – Frå Aurekaia gjekk dei til Blindheim der det var talar. Dagen vart avslutta med ei matøkt. 17. mai i Sykkylven den gongen synest ikkje først og fremst å ha vore ein festdag for borna, i Henrik Wergelands ånd, men ein dag der dei vaksne fekk impulsar i striden for fullt nasjonalt sjølvstende.

At venstrelaget hadde eit offisielt preg i Sykkylven den gongen vert også understreka av at møta i foreininga vart kunngjorde på kyrkjebakken: «Aar 1899 den 1. oktbr. blev møde afholdt i Søkelvens venstreforening i henhold til berammelse fra kirkebakken.» Einaste sak på dette møtet var val av representant frå foreininga til amtsforeininga sitt møte i Molde. Som representant vart P.C.N. Aure samrøystes vald. Han var sentral i foreininga i ei årrekkje og i 1897 vart han valmann frå Sykkylven, saman med tre andre; Ole E. Vik, Sivert Grebstad og Bastian Weiberg-Aurdal. Ved neste val, i 1900, kunne Sykkylven sende seks valmenn til Molde. Dei fire nemnde fekk fornya tillit, i tillegg fekk dei med seg Jens O. Hellen og Ole P. Lade. Desse personane var også blant dei leiande i kommunestyringa i Sykkylven rundt det førre hundreårsskiftet. Ole E. Vik var ordførar i to periodar, første gong mellom 1888 og 1898. P.C.N. Aure var ordførar i tre omgangar, første gongen mellom 1899 og 1904. Vi kan trygt seie at Sykkylven den gongen var ein Venstre-kommune.

Sparelinja

I 1905 braut Noreg ut av unionen med Sverige, og på nytt somna foreininga inn nokre år. Det kunne verke som om ein trong ei alvorleg stridssak for å motivere medlemene til organisasjonsinnsats. Men i 1909 kom nokre politisk interesserte sykkylvingar saman for å blåse nytt liv i venstrelaget. Denne gongen fekk laget også kvinnelege medlemer. I desse åra vart det ei gjennombrot for den kvinnelege røysteretten. Kvinnene fekk rett til å røyste ved kommuneval i 1907 og i 1913 vart det innført røysterett for kvinner ved alle val. Men i dei styrande organa i det lokale venstrelaget var mennene framleis einerådande. Det vart valt ni styremedlemer og ni varamedlemer i 1909, alle var menn. Av dei 130 medlemene i foreininga var det 21 kvinner. Samanliknar ein med medlemstalet i politiske parti i lokalsamfunnet i dag vitnar dette talet om at det var stor politisk interesse i Sykkylven for om lag 100 år sidan. Men det var som nemnt ikkje alternative partiorganisasjonar å kanalisere den politiske interessa si gjennom då. Og den lokale venstreforeininga engasjerte seg tilsynelatande ikkje mykje i lokalpolitiske saker. Ho var framleis ein organisasjon som vart nytta til mobilisering framfor stortingsvala. Men også rikspolitiske saker fekk lokale konsekvensar, som til dømes skatte- og avgiftspolitikken. På det første møtet etter reorganiseringa tok lokallaget opp kostnadene ved den veksande statlege administrasjonen: «Da en uforholdsmæssig del af Statens Indtægter medgaar til Lønninger af offentlige Tjenestemænd, særlig Æmbedsmændene, maa disse Lønninger indskrenkes. De Bestillingsmænd som er inde med Andragende om Lønsforhøielse, deriblandt Lærerne, bør ikke faa sine krav imødekommet.» Denne formuleringa kunne den lokale venstreforeininga vedta utan stor indre usemje. Lokalpartiet var som nemnt heilt dominert av gardbrukarar, og det var eit gammalt og velprøvd bondekrav at dei offentlege utgiftene måtte haldast så låge som råd.

Fleire parti

Ei anna sak som opptok venstrepolitikarar i Sykkylven og andre plassar var lekfolk si deltaking i statskyrkjelege organ. Det var diskusjon om statskyrkjeordninga den gongen som det er i dag. Nokre ønskte at kyrkja skulle få større sjølvråderett og vona dermed å kome klar styringa frå ein verdsleg stat som ikkje var forplikta på Bibelens ord. Styremedlemene i venstrelaget i Sykkylven sa ikkje noko klart om dette spørsmålet, men stod på trygg venstregrunn då dei uttalte at lekmedlemer i kyrkja måtte ha høve til å forvalte nattverdssakramenta og kunne påverke prestetilsettingar.

Søkelvens venstreforening heldt fram med å fungere som lokalt «valapparat» for venstre i fylket. I 1912 reiste ikkje dei lokale venstremennene til Molde for å velje stortingsrepresentant. Då var Sykkylven med i 2. valkrins i Romsdals amt; Nøre Sunnmøre Valkrins. På nominasjonsmøtet til krinsvenstrelaget i Ålesund august 1912 møtte det representantar frå fem venstrelag i Sykkylven; Søkkelvens, Indrebygdens (Straumgjerde), Velledalens, Sørestrandens og Hundeidviks venstrelag. Ein hovudgrunn til den breie mobiliseringa frå Sykkylven ved dette høvet var at Sykkylven sin eigen Bastian Weiberg-Aurdal kjempa om ein stortingsplass. Han måtte til slutt gje tapt for Knudt Otterlei frå Haram.

Det siste møtereferatet i den første lokale venstreprotokollen er ført inn i 1915. Referatet er kort og konsist. Einaste saka på møtet var val av utsendingar til årsmøtet i Nordre Søndmør venstrelag. Valde vart Sivert Grebstad, P.C.N. Aure og Andreas L. Aure d.e. På dette møtet var Søkkelvens venstreforening det einaste laget frå Sykkylven, og vi kjenner igjen dei møtande representantane; P.C.N, Aure, Sivert Grebstad og Bastian Aursnes. P.C.N. Aure var uthaldande og tok i mot val som medlem i styret i krinsvenstrelaget i 1918. Han vart også vald til utsending til landsmøtet i Venstre i 1919.

Då var stordomstida til Venstre på hell. I 1920 vart Landmannsforbundet omskipa frå å vere interesseorganisasjon for bøndene til å bli eit politisk parti, Bondepartiet, som skulle tale landbrukarane og bygdeinteressene si sak. Dermed fekk ikkje Venstre lenger råde grunnen åleine i landdistrikt som Sykkylven. Vi fekk også framvekst av parti som målbar interessene til industri- og anleggsarbeidarar som det vart fleire av i Sykkylven frå tida kring 1920. Arbeidarpartiet stilte i mellomkrigsåra liste ved kommuneval, og i 1937 fekk vi jamvel ei rein kvinneliste ved lokalval, visstnok ei av to slike på landsbasis dette året. Den lokale partifloraen vart altså rikare utover i mellomkrigsåra, men dei som la grunnlaget for partiarbeidet i Sykkylven, var pionerane i det lokale venstrelaget.

Framleis er Venstre ein viktig aktør, både i lokalpolitikken og på riksnivået. I valperioden 2011 – 2015 hadde Sykkylven Venstre inne to representantar i Sykkylven kommunestyre, dei same to som sat i den førre perioden; Arne Bakkedal og John Kenneth Brenne. Men stillinga som partiet hadde i Sykkylven mot slutten av 1800-åra, får det nok likevel aldri tilbake.

Kjelder:

  • Jostein Nerbøvik: Norsk historie 1860 – 1914.
  • Jon Hole: Sykkylven kommune 1883 – 1983. Sykkylven 1983.
  • Bernt Tandstad, Sykkylven.
  • Møteprotokoll Søkelvens Samtalelag/Søkelvens venstreforening
  • Møtebok for venstrelaget i Nøre Sunnmøre valkrins.
  • Søndmørsposten 1883.
  • NOS. Folketellinga.