Syver Bøje

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Syver Bøje (fødd i Skjåk 15. mai 1866 død same stad 1937) var skreddar og jordbrukar, og han var ein kjend aktør i samfunns- og kulturliv i Skjåk og Lom. Han var fødd i fattigdom og hadde ein omflakkande, vanskeleg oppvekst. Det omskiftelege tilveret heldt han fram med i vaksen alder som familiemann. I tillegg til skreddaryrket var han mellom anna gardbrukar, paktar, plassmann, turistførar og postomberar, og familien budde mange forskjellige stader i Lom og Skjåk. Syver Bøje vart i likskap med fleire av brørne sine kjend i bygda som politikar og organisasjonsmann, særleg knytta til Venstre (Arbeidardemokratane), småbrukar- og norskdomsrørsla. Han var blant aktivistane på nynorsksida da språkskiftet til nynorsk i Skjåk vart gjennomført i 1920-åra. Han skal mellom anna ha hatt direkte innverknad på at lyrikaren Jan-Magnus Bruheim vart så ivrig nynorskbrukar.

Eit omflakkande tilvere som smågut

Foreldra Tosten Tostensen (fødd ca. 1818) og Mari Tostensdotter Brustugun (ca. 1825-1873) var husmannsfolk. Dei fekk i alt 11 born, fødde i tidsrommet 1845-1872. Da Syver kom til verda som nummer ni i søskenflokken, budde dei på Marlosøygarden på Bersustrond. Det var husmannsplass under Nedre Marlo, som akkurat på den tida vart prestegard for det nyoppretta Skjåk prestegjeld. (Ein annan stad er det opplyst at Syver var fødd på Langleitsodden i Nordberg, men det stemmer altså ikkje med innførsla i kyrkjeboka.)

Sidan flytta familien til ein plass under Lykre i Nordberg. Det er berre kalla Løkreeie i kyrkjeboka da broren Ola var døypt i 1869, men er truleg identisk med Bakve (plass under gnr. 118 Lykre), der dei iallfall budde da mora døydde, i 1873. Da var Syver sju år gammal. Etter moras død vart familien spreidd. I folketeljinga 1875 er faren dagarbeidar og innerst på Nistun Skamsar, og Syver bur saman med faren som den einaste av dei mange syskena. Gardguten på Skamsar, Peder Pedersen, byrja skrive dagbok på den tida, og han nemner at Syver og ein jamaldring av han tek seg av gjetinga på garden. Han omtalar Syver med etternamnet Bakve.[1]

Dei andre mindreårige av syskenflokken vart plasserte rundt omkring på fattigstyrets rekning, men openbert så så langt det let seg gjere i familiar som dei hadde familietilknyting til.

Det er særleg to av brørne til Syver som har gjort seg gjeldande i det offentlege liv i Skjåk. Ola Hyrvebakken, som var venstrepolitikar og småbrukaraktivist, og som mellom anna starta ei arbeidarforeining i Nordberg i 1890-åra. Yngstemann i familien, Tor Li, hadde etternamnet frå Harsheimlia. Der var systera hans gift, og den familien tok seg av guten da mora døydde. Han emigrerte til USA, og var ein viktig pådrivar i reisinga av Skjåk gamleheim (1922), da han sette seg i spissen for innsamling av midlar til dette blant emigrantane frå Skjåk.

Eigen familie og yrkesliv

Syver Bøje gifta seg den 26. november 1896 med Marit Arnesdotter Kroken (fødd 1875), husmannsdotter frå Prestkroken i Lom. Vigselen skjedde i Lom kyrkje. Syver heldt på den tida til på Bøje i Skjåk, utan at det er opplyst om han var tenestekar der eller kva han elles kan ha levd av. Han har på eit tidspunkt fått skreddaropplæring, og er nemnd som skreddar seinast i folketeljinga 1900. Det er i alle høve opphaldet på Bøje som har gjeve han etternamnet han sidan skreiv seg for.

Elles livnærde familien seg på gardsbruk som Syver og Marit dreiv på ymse vilkår, og dei flytta mange gonger. Da fyrste dottera Mari var døypt i 1898, er Syver nemnd som gardmann i Kjekahagen, nabogard til Bøje. I folketeljinga 1900 er han skreddar og gardbrukar på Resvollane i Lom. Året etter er familien busett på garden Gran i same bygda. Da er Syver berre nemnd som skreddar, og det er uvisst om dei hadde noko med gardsdrifta der å gjere. To år etter bur dei i barndomsheimen til Marit, Prestkroken, og yrket til Syver er oppgjeve å vere husmann og turistførar. Bror til Syver, Ola Hyrvebakken, dreiv ei tid garden Søre Prestgarden på Skjåkstronda. Der budde Syver og familien eit par-tre års tid rundt 1905. Seinast i 1907 kom dei til Dagsgardsøygarden (gnr. 93.4 Bøland). I folketeljinga 1910 er Syver registrert som gardbrukar der, skreddar og postkøyrar. I tidsrommet 1919-1921 forpakta Syver og Marit prestegarden i Lom. Så overtok dei paktinga av Marlo, prestegarden i Skjåk, og budde i paktarbustaden der. Fire år seinare flytta dei inn i ein del av det romslege huset til Ola og Anne Marlosøygarden på Bersustrond, same staden som Syver var fødd, men som i mellomtida hadde skifta status frå husmannsplass til sjølveigarbruk.

Sidan kom familien Bøje til Nordberg, der dei kjøpte eige hus på Kitilstadmoen. Men huset, den gamle Snikkarstugu, skulle byggjast på og ominnreiast. Det drygde noko, og i mellomtida budde dei i Sagvillaen ved Skamsarsaga.

Syver og Marit fekk ni born, fem gutar og fire jenter, fødde mellom 1898 og 1919. Alle gutane (Arne, Torbjørn, Magnus, Karl og Tor) fekk yrke som definitivt høyrde den nye tida til i deira oppvekst. Dei vart rutebilsjåførar og bilmekanikarar alle som ein. Attpåtil gifta yngste syster deira (Anna Aaboen fødd 1919) seg med ein bussjåfør.

Samfunns- og kulturengasjement

Syver Bøje fekk røysterett da han var 32 år gammal, i og med innføringa av alminneleg røysterett for menn i 1898. Han engasjerte seg politisk i venstrerørsla. Han var mellom anna med ved stiftinga av Nordberget Venstrelag i 1912.[2] På den tida foregjekk ein sterk drakamp mellom bruksrett og eigedomsrett i Skjåk Almenning, der Venstre/Arbeiderdemokratene tala småbrukarane og bruksrettens sak. Syver Bøje var varamann i styret for Skjaak Bruksretsforening, som vart skipa i høve denne striden i 1911. Bøje var også varamann i ålmenningsstyret som vart valt i 1913, der bruksrettsinteressene fekk overvekt.

Syver Bøje engasjerte seg i kulturarbeid i bygda. Han vart ivrig målmann, og var dei som offentleg gjekk i bresjen for innføring av nynorsk som skulemål i Marlo i 1925. [3]

Referansar

  1. Skjåk bygdebok 3 side 126, der er rett nok ikkje Syver identifisert som den seinare Syver Bøje.
  2. Møteprotokoll for laget, kopi i utdrag i bygdebokarkivet for Skjåk.
  3. Laagen i mars 1925, refererer eit møte som fann stad sundag 22. mars, der Bøje blir framheva som ein av innleiarane.

Kjelder og litteratur

  • Hosar, Hans P.: Skjåk bygdebok, band 3, Historia 1798-1914, Skjåk kommune 1998.
  • Kolden, Jon: Bygdabok for Lom. Bind 3. Side 153.
  • Folketelingane 1875, 1900 og 1910.
  • Kyrkjebøker for Lom og Skjåk.