Sæltun (Fedje gnr 169 bnr 113)
| Sæltun | |
|---|---|
| Sokn: | Fedje sokn |
| Fylke: | Vestland fylke |
| Kommune: | Fedje kommune |
| Gnr.: | 169 |
| Bnr: | 113 |
| Adresse: | Vidnappsvegen 76 |
Sæltun er ein bustadeigedom i Fedje kommune.
1. May Bente Jakobsen f. 1956 Langedalen (gnr 169 bnr 31-2c), fiskeindustriarb., g.m. Arvid Ernst Sæle f. 1955 Øygarden, skipsreparatør, anleggsarb. Skøyte 1980 på tomt frådelt Kremmarholmen gnr 169 bnr 1 og gnr 169 bnr 66 (felles utmark) same året. Tomta ligg i Vidnappen, men er ført opp her under Langedalen, då den geografisk tilhører same området. Huset vart bygd i 1981. Familien selde huset i 1991 og flytta til Toft i Øygarden. Ekteskapet oppløyst.
Born: a. Hermund Sæle f. 1974 g. 2009 m. Siv Iren Olsen f. 1975 Øygarden, busette der på Toft i. b. Ann Lisbeth Sæle f. 1975 g. 2005 m. John-Endre Eide f. 1972 Vaksdal, bustad Rong i Øygarden. c. Heidi Mette Sæle f. 1976 g. 2006 m. Hermund Heimark f. 1976 Øygarden, busette der på Tjeldstø.
2. Svein Harald Stormark f. 1947 (gnr 172 bnr 22-2d), fiskar, matros, g. 1990 m. Ingun Ølberg f. 1955 Sola, kontormedarb. Dei fekk skøyte her i 1991.
Born: a. Unni Ølberg Stormark f. 1990, butikkmedarbeidar, bustad Bergen. b. Rune Ølberg Stormark f. 1994, skipselektrikar, bustad Bergen.
| Sæltun (Fedje gnr 169 bnr 113) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no. Sjå også: Forside • Bakgrunn • Litt allmennsoge om Fedje • Forord • Lesarrettleiing • Forkortingar og ordtydingar • Short introduction in English • Kjelder • Litteratur Førre bolk: Grønbakken (Fedje gnr 169 bnr 81) • Neste bolk: Vidnappsvegen 44 (Fedje gnr 169 bnr 125) |