Tårånn i Tråppin

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Tårån i Tråppin er et sagn om trollkjerringa Tårån som er en av gygrene i bygdedikteren Sigurd Nes sin diktsyklus «Draum». Diktsyklusen inspirerte også svigersønnen hans, den kjente hardingfelespillemannen Torkjell Haugerud, til å lage tre lydarslåtter. Det blir sagt å vere noe av det beste Haugerud har komponert.

Sigurd Nes var bror til Jørund Telnes som blant annet skrev om Guro Heddelid. Syklusen handler om de tre trollkjerringene Tårånn, Glima og Ljose-Signe som holdt til i fjellene Skorve, Mælefjell og Bindingsnuten og deres møte med kristendommen. Gygrene blir dratt mellom det gamle og den nye, ei står fast, ei gir opp og ei tar i mot den nye.

Sagnet lyder slik:

For lenge, lenge sida, i hedensk tid, budde det tri gygrir på fjølli i Flatdal. Det seiest at dei var systre, den eine heitte Tårån, den andre Glima og den tredje Signe.

Tårån og Steingrim, mannen hennar, budde på Skorve. Glima budde på Mælefjøll og Signe holdt til på Bindingsnuten. Dei tri gygrine sat på fjølli sine og blås på lur til kvarandre. Tårån hadde mest lyd i luren sin. Det kom av at ho budde på Skorve, det største fjøllet. Tårån og Steingrim hadde mange dyr, både sauir og kyr. Ein dag var Steingrim ute og gjette buskapen. Då det begyna å bli kveld, reiste han heimover att. Vegen opp til Skorve var bratt og kronglut. Steingrim var gamal og dårleg, så då han hadde kome eit stykke på vegen, gjekk det slik til at han glei og datt nesten uttafor. Tårån blei redd då ho såg detta. Derfor laga ho nokon store tråppetrinn i fjellsida så det ikkje skulle gå gale med Steingrim. Tråppetrinna klora Tårån ut med bare fingan. Og dei er synlege den dag i dag i fjøllsida ivifor Flatsjå. Slik fekk gygri i Skorve navnet: «Tårån i Tråppin».