Tandstad & Strømme

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Tandstad & Strømme A/S var ein møbelprodusent i Straumgjerde, Sykkylven kommune. Bedrifta vart etablert i 1947 av Inge Strømme og Jens K. Tandstad. Føremålet til selskapet var fabrikasjon av stoppa møblar, og både Strømme og Tandstad hadde røynsle frå slikt arbeid. Båe hadde tidlegare vore tilsette ved K. Emdal & Co AS i Straumgjerde.

Første tida vart møblane omsette via ein forhandlar i Stavanger. Elles vart salet konsentrert om Oslo, Finnmark og Møre og Romsdal. Produkta spente over eit vidt register, frå enkle lenestolar til massive, utskorne kaminstolar og påkosta salongar. Treskjerararbeidet var det Gunnar Flo som gjorde. Flo var utdanna frå Holmøy Arbeidsskule og hadde eigen verkstad i Straumgjerde frå 1944. Han leverte også utskorne delar til andre møbelfabrikkar i distriktet.

Tandstad & Strømme hadde jamt to-tre tilsette. Elles tok eigarane del i alt forefallande arbeid. Inge Strømme fungerte som disponent. Etter nokre år gjekk Tandstad ut av aksjelaget, og Inge Strømme vart då eineeigar i eit personleg firma: Inge Strømme Møbelverksted.

Bedrifta heldt heilt frå starten i 1947 til i bustadhuskjellaren på Strømme-bruket i Straumgjerde. Det var ein rein tapetserarverkstad. Treverket tok dei frå underleverandørar i og utanfor bygda.

I 1957 gjekk dei siste møblane ut frå kjellarverkstaden, og Inge Strømme kunne igjen ofre seg heilt for gardsbruket. Dei siste åra før han vart pensjonist dreiv han butikk, saman med kona, Gunvor, f. Dalseth. Inge Strømme var son til tidlegare lensmann og statsråd Ole Strømme.

Kjelde