Tandstad skule

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Tandstad skule i Sykkylven 1910. Lærar Ole I. Strømme bak til venstre.
Foto: Ukjent (frå heimesida til Sykkylven sogenemnd).

Tandstad skule var fram til 2018 ein skule i grenda Straumgjerde i Sykkylven kommune. Etter kommunestyrevedtak same året vart skulen lagt ned med verknad frå hausten 2018. Då hadde det vore samanhengande fastskuledrift i krinsen i om lag 125 år.

I følgje tilsynsprotokollen for Tandstad skule vart det i 1890 kalla inn til krinsmøte for å velgje tilsynsutval for skulekrinsen: "Aar 1890, den 28. januar, sammentraadte - på Gården Strømmegjerde – de i Skolesager stemmeberettigede Indvaanere av Tandstad Skolekrets – for ifølge Ordre af Søkelvens Skolestyre, og at etterkomme den nye Skolelov av 26. juni 1889, at vælge 3 Medlemmer, der isammen med Kredsformanden skal danne tilsynsudvalg for Tandstad Skolekrets. Det oppgaves Møde av 28 Stemmeberettigede, og Valget havde saadand Udfald: Gårdmann Peter B. Olsen Tandstad, Peter Pedersen Strømme og Andreas Nilsen Tandstad."

"Tugt og Orden"

På saklista til tilsynsutvalet 20. november 1890 stod disiplin på saklista. Krinsmøtet ved Tandstad skule vedtok følgjande retningsliner: "For så vidt der skulle være Børn som i Skolen begaar en eller anden Udyd, f.eks lyver, bedrager, begår tyveri eller tilføier en eller flere av sine Kammerader nogen Skade, har Læreren å henvende sig til barnets Foreldre eller til Tilsynsutdvalget, som da drager Omsorg for, at den eller de skyldige bliver straffet – om nødvendig med Ris. Skulde der være uefterretteligheder eller ligegyldige Foreldre, som ikke straffer sine Børn når de blive varslede, skal læreren og to av tilsynsutvalgets medlemmer gjøre det – dog må det skje med Besindighed og Kjærlighed."

Ris var vanleg straff for hundre år sidan. Foreldra ved Tandstad skule sikra seg mot at borna skulle bli slått i affekt og sinne og gjorde det klart at det var foreldra og ikkje læraren som hadde ansvaret for å gi straffa. Berre ti år seinare, i år 1900, kom saka opp på nytt. Burde legemlig Straf anvendes? Denne gongen svara krinsmøtet samrøystes nei på dette spørsmålet.

Skulebygging

Endå eit krinsmøte i 1890 og ei endå viktigare sak: Det vart drøfta om det var "ønskeligt og nødvendig at opføre Skolehus i Kredsen, og efter lengere overveielse og samråd blev man enige om at gaa i gang med husets Opførelse snarest muligt på Jens Olsens Strømmegjerdes grunn». Alt 10. januar 1891 var oppsitjarane på synfaring. Dei vart samde om at skulen skulle ligge på ein teig "Gjerdselteig kaldet". Tomta på eit halvt mål skulle betalast med 20 kroner. "Ingebrigt O. Velle skulde avfsende en skrivelse til en vis Skoveier og materialhandler i Romsdalen med forespørsel om han for Nærværet kunde skaffe Materialer til et Skolehus."

Skulen skulle byggjast med pliktarbeid. Store og små bønder skulle arbeide like mykje. Det var ikkje alltid dei største bøndene som fekk dei største barneflokkane. Ole Pedersen og Andreas Nilsen Tandstad dissenterte på plassering og tomteval. Dei ville ha huset lenger ute og nedanfor bygdevegen. Året etter vart krinsen einig om å betale fire kroner årleg som skyld-dalar til skulen. Skyldsystemet var ein måte å måle skatteevna til kvar enkelt gard på slik at dei som hadde store gardar og høg skyld også måtte betale meir til fellesskapet. Det første året vi har rekneskap for ved Tandstad skule, er 1902 og årsrekneskapen ser slik ut:

"Kassabeholdning frå forrige år kr 3,24
Brandskatt kr 0,75
En flaske olje kr 0,10
En glasrude kr 0,90
Modtaket kretsbidrag kr 100
Betalt til Sivert J. Drabløs(som dei hadde lånt pengane av) kr 95
Til Ole P. Heggen kr 4,31".

Ei flaske olje, ei glasrute, brannskatt/forsikringspremie. Det var det totale forbruket på skulen i 1902. Året etter måtte dei ut med 85 øre for feiing, 75 øre for å kjøpe tre spyttebakkar, dei kjøpte ein oljebehaldar, brennar og veike, eit støvbrett og ein kost (kr 0,70), 2 flasker olje, to glasruter og ein kilo grønsåpe. Det var forbruket det året. Glasruter gjekk det ein del av den gongen også. Veden som kom i tillegg, var det foreldra som sytte for.

Lærarval

Ein av dei første lærarane ved skulen var Ole Ingebrigtsen Strømme. Han var gardbrukar i krinsen og vart seinare lensmann, stortingsrepresentant og statsråd. I 1919 skulle det tilsetjast ny lærar. Ved første prøverøysting fekk Johan Eidem flest stemmer, deretter Karl Tandstad, Johan Hammer og Henrik Strømsem (Straumsheim). Ved det endelege valet vart det like mange røyster på Johan Eidem som på Karl Tandstad. Johan Eidem vart innstilt som nummer ein etter loddtrekning. Henrik Straumsheim nummer 3. Krinstilsynet var ikkje einige og gjorde si eiga innstilling: Johan Eidem (1), Henrik Straumsheim (2) og Johan Hammer (3).

I 1929 vart det kjøpt tre stampar til veslehuset og lærarrommet fekk ein ny stamp som det kunne kokast vatn i. Arbeidsløysa var på topp desse mellomkrigsåra. 78 søkjarar ville bli lærar på Tandstad skule. Trygve Straume vart innstilt som nummer ein av krinsen. Han vart verande karrieren ut, og slutta ved skulen i 1971.

Ny skule

Etter krigen kom behovet for nytt skulebygg opp. I Straumgjerde utvikla industrien seg kraftig desse åra. Det vart tilflytting, og fleire born i krinsen. I 1945 set dei seg i sving med å grave ut skuleplassen. 11.000 kroner vart det rekna ut av bygget ville koste. Men det gjekk heilt fram til 1955 før bygget stod ferdig. Det var fleire andre skulebygg som vart reiste i Sykkylven i midten av femtiåra. Det var også i 1955 at Riksheim skulekrins vart lagt ned, og elevane førte over til Tandstad skule.

I 1955 skreiv foreldrerådet brev til handelsmennene i Straumgjerde og bad om at dei ikkje selde upassande blad til borna eller la dei fram slik at borna såg dei. Foreldrerådet tok også opp problema med å få ungane inn om kveldane. Dei vedtok at det var passande for ungane å vere inne klokka 21. Skuleklokka ringde og varsla portforbodet. Då pilte ungane heim. Det var ei alvorleg sak å vere ute etter at klokka hadde ringt.

Moderne tider

Kjøp av filmapparat vart ei viktig sak, og vart vedtatt mot to røyster i 1957. Postopnar Per Langeland vart formann i nemnda som skulle skaffe pengane. Og filmapparatet kom. Det vart eit godt tilskot til flanellografen. Filmapparatet var eit stort vidunder som formidla kunnskap på ein ny måte med levande bilete, ord og tonar.

I 1968 kom det eit tilbygg til skulen. Det inneheldt gymnastikksal, kjøkken, spesialrom og rom for bibliotek. Opprinneleg var det teikna ein mindre gymsal, men krinsen la til midlar og dugnadsinnsats fordi dei ønskte å ha ein samlingssal for dei store dagane. Difor vart også kjøkkenet bygt større enn dei opprinnelege planane sa.

I 1971 tok Kristian Vatsaas over som skulestyrar etter Trygve Straume. Ved sida av å vere skulestyrar var også Vatsaas styrar for bibliotekfilialen i Straumgjerde fram til han gjekk av med pensjon i 1998. Då tok Otto-Magne Strømmegjerde over som styrar, eller rektor, som var stillingsnamnet då. Elevtalet ved skulen har vore varierande. Flest elevar hadde skulen i 1960- og -70-åra. Då vart det etablert byggefelt i krinsen og mange unge familiar busette seg der. Elevtalet var nokre år oppe i 115-120. Siste året skulen var i drift var elevtalet 47.


Kjelder

  • Skuleprotokollar Tandstad skule.
  • Artikkel av Kjetil Tandstad i samband med 100-årsjubileet for skulen i 1990.
  • Sykkylvsbladet 30.6.2018.