Henrik Straumsheim

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Henrik Straumsheim.
Foto: Ukjent. Faksimile frå Norske skolefolk (1934).
Volda lærarskule kring 1950.
Foto: Johan J. Nerbøvik

Henrik Straumsheim (fødd 8. februar 1893 i Sykkylven, død 26. juli 1975) var ein skulemann, ungdomsleiar og lyrikar frå Sykkylven kommune.

Han voks opp på bruket Teigen på Straumsheim inst i Sykkylvsfjorden, som son av Severin Martinus Johansson Straumsheim og Anne Helgesdotter Straumsheim. Etter grunnskulen reiste han i 1909 til Volda der han tok mellomskulen. Det var medan han gjekk her at han fekk det første diktet sitt på prent. Heimen min stod i bladet Aarvak si utgåve 22.januar 1910. Hausten 1910 var Straumsheim vikarlærar i småskulen i Sykkylven.

1911 byrja han på Volda lærarskule, og han var ferdig utdanna lærar i 1913. I åra framover hadde han lærarpostar fleire stader i landet, i heimbygda Sykkylven (1914-15), i Drangedal (1915-16) og Skodje (1916-17). I 1919 kom han attende til Sykkylven der han arbeidde som lærar i framhaldsskulen. Året før hadde han gifta seg med Oline Sofie Tandstad frå Simogarden på Tandstad i Sykkylven. Dei fekk ein son og to døtre.

På denne tida kom han også inn i arbeidet i Noregs Ungdomslag. Han vart styremedlem i Sunnmøre frilynde ungdomssamlag i 1920. Året etter vart han valt som styremedlem i Sunnmøre Songarlag.

Etter å ha arbeidd to år som lærar ved Tandstad skule, byrja han i 1928 som lærar ved Møre folkehøgskule i Ørsta. Her fann han seg godt til rette, og her vart han verande resten av yrkeslivet. Dei siste åra var han rektor ved skulen.

Han heldt fram med diktinga heile livet. Første diktsamlinga han gav ut var Helgarkvede (1922). I 1917 skreiv han spelstykket Stølshelg. Diktsamlinga Fjordlandet kom i 1931. Her var mellom anna diktet Heimbygda. Med det vann han tevlinga om den beste heimbygdskildringa i Sunnmørsposten i 1931. I 1963 kom diktsamlinga Morgonlandet.

Henrik Straumsheim engasjerte seg i kultur- og organisasjonsarbeid både lokalt og nasjonalt. Han var ein etterspurt kåsør og talar. Det vert sagt at dersom ein hadde sikra seg Henrik Straumsheim til ein fest var programmet sikra. Han kunne både tale, synge og deklamere dikt betre enn nokon annan. I åra 1945 til 1953 var han leiar i Sunnmøre frilynde ungdomssamlag. I perioden 1952-54 var han styremedlem i Noregs Ungdomslag.

For den omfattande samfunnsinnsatsen sin fekk han Kongens fortenestemedalje i gull i 1960. Han døydde i 1976. Ungdomslagsvener sette opp ein bauta til minne om Henrik Straumsheim i parken ved Tandstad skule. Her vert det lagt ned blomar kvar 17. mai.

Kjelder og litteratur