Tomas Tandstad

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Tomas Tandstad i 2008.
Foto: Asgeir Tandstad

Tomas Tandstad (fødd 12. september 1912 i Straumgjerde, der han seinare budde, død 16. september 2013) arbeidde som møbelarbeidar og småbrukar, og var ein av Sykkylven sine fremste tradisjonsberarar.

Han måtte tidleg ta eit tak på garden heime på Tandstad, då faren, Petter, var sterkt redusert fysisk etter ein skade han fekk på Polson-campane i USA. Tomas var også med på forskjellig dagarbeid for andre, han var handlangar ved murarbeid og han var med på fiske i Borgundfjorden i to vintrar.

Møbelproduksjon

Hausten 1930 byrja han ved AS Sykkylven kurvvarefabrikk, som kom i gang året før. Dei første tre månadane var introduksjonstid, og då måtte han arbeide gratis. I 1930 hadde verksemda nettopp byrja å tilverke overstoppa stolar. Tomas si oppgåve var å stoppe korgstolsete. Dei la stoppinga oppå ei finerplate. Ikkje lenge etterpå gjekk bedrifta over til å lage overstoppa og polerte lenestolar.

Bror til Tomas, Erling Tandstad, byrja med trevarefabrikk i 1930. Han var underleverandør av treverk, mellom anna til Vestlandske som vart det nye namnet til Sykkylven kurvvarefabrikk då verksemda byrja å lage lenestolar. I tillegg laga Erling Tandstad glasrammer og dører. Tomas byrja å arbeide for han.

I 1934 etablerte Tomas, saman med brørne Karl og Erling, og grannen Karl Tandstad, (synske-Karl) Tandstad Lenestolfabrikk AS. Verksemda laga berre lenestolar og stolgrindane tok lenestolfabrikken frå trevareverkstaden til Erling. Trevareverkstaden vart etter kort tid overteken av det nye aksjeselskapet. Tandstad Lenestolfabrikk hadde ei tid tilhald i ungdomshuset Vaarvon i Straumgjerde, men allereie i jula 1934 flytta dei inn i kjellarlokala til Martin Straumsheim på Nymarka på Straumsheim. Tandstad Lenestolfabrikk gjekk konkurs i 1937. Eit par store tap etter møbelforretningar som gjekk overende vart for tunge å bere. Då tok Karl P. Tandstad over trevarefabrikken og dreiv han vidare, medan Tomas og Erling tok over ein del av konkursbuet etter Tandstad Lenestolfabrikk og skipa Tandstad Stol- og Møbelfabrikk AS i 1937. Dei heldt fram i kjellaren på Nymarka fram til 1947 då dei bygde fabrikk inst i Sykkylvsfjorden på parsellen Strandheim under Straume- og Gjerdegarden. Her laga dei heile salongar, med ein-, to og tresetarar. Tidleg i 1950-åra byrja bedrifta å slite tungt økonomisk. I 1955 søkte innehavarane akkord, og to år seinare vart fabrikken selt til K. Emdal & Co AS.

Tomas fekk etter dette arbeid ved L.P. Riksheim TrevarefabrikkRiksheim. Her var han nokre år til han avslutta yrkeskarriera si ved Vestlandske Møbler der han også starta.

Familie

Tomas bygde hus på ei tomt i Straumgjerde som han bygsla av Velledalen allmenning i 1948. Huset brann ned i 1958, og vart bygt opp att same året. Kona, Ingrid f. Dalhaug, dreiv forretning i huset. Dei fekk borna: Eli Mette f. 1946, Asbjørg Petra f. 1948 g.m. Asbjørn Hatlehol, Gjertrud Katrine f. 1952, Terje f. 1953, omkom ved skulebuss-ulykke i Tjønesstranda 1966 og Asgeir f. 1958.

Aktiv fritid

Tomas Tandstad var med på mykje av det som skjedde i det friviljuge lagsarbeidet i heimkrinsen, mellom anna engasjerte han seg i Ungdomslaget Samhald som fekk sitt lagshus same året som Tomas vart fødd. Han var elles ein ihuga idretts- og friluftsmann. I ei årrekkje var han aktiv i Ringen Idrottslag med friidrett om somrane og skisport om vintrane. Tomas Tandstad var velsigna med ei sterk helse og han heldt seg fysisk aktiv opp i høg alder. Åtti år gammal var han til topps på Pyttegga, 92 år gammal debuterte han i det 4 kilometer lange Konradløpet og 98 år gammal, i 2010, var han med i Ramstaddalsløpet, ein stafett Sykkylven rundt. Same året var han omtala i media då han investerte i ein lite brukt Subaru med firehjulstrekk. "Eg måtte ha firehjulstrekk, for eg er så mykje oppe på hytta i Straumsdalen," forklarte han. Han hadde elles dagleg turar med bil til Sykkylven bu- og aktivitetssenter for å besøke kona, Ingrid, som han gifta seg med i 1945. Då han runda 100-årsmilepælen i september 2012 var han enno rask og rørig og Sykkylven sin eldste sjåfør.

Tomas Tandstad hadde eit uvanleg godt minne og han var kjent som ein framifrå historieforteljar. Han vart gjerne samlingspunktet i godt lag, mange ville ha del i dei store kunnskapane hans om lokale tilhøve, og ikkje minst det gode humøret og den smittande latteren hans.

Det vart lagt merke til då han i sitt 100. år var med i ein lokal møbelquiz i regi av Norsk Møbelfaglig Senter i Sykkylven. Tomas var den naturlege ankermannen i sitt lag, og skreiv ned svara på spørsmåla utan bruk av briller. Det høyrer med til historia at Tomas sitt lag vart klar vinnar av quiz-tevlinga.

Tomas Tandstad var æresmedlem av UL Samhald. I samband med at han vart 100 år, vart det gjeve ut bok om han. Boka var ført i pennen av nevøen Per Svein Tandstad.

Kjelder


Tree.ring.arp.jpg På Lokalhistoriewiki skriver vi artikler om hundreåringer. Vi oppfordrer historielag og enkeltpersoner til å bli med på denne dugnaden. Vi ønsker både bilder og tekst om personene.
Flere artikler og bilder finner du i denne alfabetiske oversikten.